Høyr Sara «synge» blues i lag med matfar David

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: – Eg heldt på å le meg i hel då ho sette i gang! flirer David E. Antonsen om sin firbeinte venn Sara.

DEL

– Det var utruleg gøy! seier ein lattermild David. E. Antonsen, som fredag kveld sat heime i Florø og spelte blues på munnspelet sitt.

Plutseleg tek border terrieren Sara til å «synge» med.

– Ho har aldri gjort det før, men ho fant tydelegvis ut at ho også ville vere med. Eg spelte ein sjølvkomponert blues-låt, og ho hadde ei så sørgeleg blues-stemme. Det var ein slags «tom for godbitar og ballen har forlate meg- blues», ler han.

Omkransa av musikk

Sara har i sitt fire år lange liv vore omringa av mykje musikk, for matfar er nemleg svært glad i å synge og spele.

– Eg syng både klassisk, jazz og blues, og det blir ein del øving. Eg plar sitte i sofaen eller så går eg rundt og syng i huset, seier han til Firda

37-åringen er med i Florø musikkteater, som han og ni venner starta, og han er med i Florø storband. Han har også hatt syngeoppdrag i Kalvåg i juleshowet «Juletøtter med Julenøtter»

Det er berre med munnspel Sara «syng» med, og det ser ut til at det er blues som er favoritten.

– Det er helst dei lyse tonane ho likar, for det er då ho set i gang. Ho slappar veldig av med musikk. Om ho er stressa, set eg på litt piano, då blir ho roleg.

MATFAR OG SARA: David E. Antonsen har hatt Sara i fire år. – Ho er veldig bortskjemt, seier Antonsen om sin firbeinte venn.

MATFAR OG SARA: David E. Antonsen har hatt Sara i fire år. – Ho er veldig bortskjemt, seier Antonsen om sin firbeinte venn. Foto:

Ho er veldig bortskjemt

– Sara er veldig bortskjemt og får vere med på alt. Ho er med på alle musikkøvingar, og under juleshowet i Kalvåg stilte ho seg opp mellom dei andre damene på scena, for ho ville også vere ei «juletøtte»

Sara er også med jobb, seier Antonsen, som jobbar som journalist i Firdaposten.

Antonsen skryt av hunderasen, som han beskriv som veldig kjekk og entusiastisk:

– Ho synest alt og alle er veldig kjekke, men samstundes er ho veldig sta, så der passar vi bra i hop, ler Antonsen. 

Artikkeltags