Gå til sidens hovedinnhold

Hummarfiske startar fredag – dette er reglane du må kunne

Fredag morgon kan tusenvis av svoltne hummarfiskarar langs norskekysten sleppe ut teinene sine. Trass i stor interesse er det kvart år fleire som ikkje følgjer reglane. Det kan føre til bot og at teinene blir inndregne.

Nokre dagar før det er blir lov å fiske etter hummar i Noreg har 21.000 nordmenn registrert seg for hummarfisket, som startar 1. oktober klokka 8. Mange fleire er venta å melde seg på idet startskotet går og i vekene framover. I fjor var heile 35.000 nordmenn påmelde. Hummarfisket varer til 30. november frå svenskegrensa til Vestland, og til 31. desember i resten av landet.

Hummarbestanden har vore under press i fleire år. For å hjelpe å vareta bestanden har Fiskeridirektoratet kome med ei rekkje reglar for hummarfisket. Det høge talet hummarfiskarar i Noreg gjer det viktig at alle følgjer reglane, seier Svein Hadland, førsteinspektør i Fiskeridirektoratet Region Sør.

– Hummarbestanden er veldig akta og på langt nær så talrik som han har vore frå gammalt av. Med 21.000 påmelde til hummarfisket så langt i år vil det seie at det er mange teiner som står langs heile kysten. Om vi skal halde fram å ha, fiske og ete hummar i Noreg, er det viktig at folk klarar å følgje regelverket, seier Hadland til Nynorsk pressekontor.

Fleire gløymer registrering

I 2017 blei det innført fast påmelding til hummarfisket for både fritidsfiskarar og yrkesfiskarar gjennom Fiskeridirektoratet.

Ved å melde seg på hummarfisket, får deltakarar eit registreringsnummer dei må merke vaket med. Dette nummeret kan bli brukt fleire år.

– Nokre trur det er nok å melde seg på éin gong når dei har fått registreringsnummeret, men det er ei årleg påmelding sjølv om det same nummeret kan bli brukt over fleire år.

Vaka skal også vere merkte med fullt namn og adresse som nummeret er registrert på. For yrkesfiskarar må også namnet på båten bli merkt på vaket.

Rotnetråd skal hindre spøkelsesfiske

Frå 2018 skal alle hummarteiner ha minst eitt rømmingshol som blir halde lukka ved hjelp av ein bomullstråd, også kalla rotnetråd, for å hindre spøkelsesfiske.

– Om du mistar ei teine, vil fisk og andre dyr bli fanga i den, døy og bli til agn, og slik vil teina drive spøkelsesfiske i lang tid. Brukar du rotnetråd, vil denne løyse rømmingsholet som gjer at teina opnar seg opp, og vi unngår det.

Brot på reglane vil føre til at utstyret blir inndratt og meld til politiet.

Hadland oppmodar til å bruke appen Fritidsfiske frå Fiskeridirektoratet. Der er det mogleg å sjå fredingsområde- og tider og melde inn tapte reiskapar.

– Sjølv om du har rotnetråd, ønsker vi ikkje at teina skal stå i havet om du mistar ho. Registrerer du teina som tapt, kan dykkarklubbar reise i området og finne ho. Om vaket er riktig merkt, vil du også kunne få ho tilbake.

Reglar for hummarfiske

  • Hummarfisket startar 1. oktober klokka 8. Frå grensa mot Sverige til Vestland fylke sluttar fisket 30. november, medan den varer til 31. desember i resten av landet.
  • Hummar med utvendig rogn er freda heile året
  • Du kan ikkje fange hummar i hummarreservat
  • Du må melde deg på til hummarfiske kvart år
  • Du kan ikkje bruke meir enn ti teiner på kvar person og kvar båt
  • Teinene skal ha minst to fluktopningar og eitt rømmingshol som blir halde lukka ved hjelp av bomullstråd/rotnetråd
  • Teinene skal røktast minst éin gong i veka
  • Vaket må vere merkt med deltakarnummer, namn og adresse
  • I heile landet er det minstemål på 25 centimeter frå hale til hovud på hummaren. Frå Lindesnes fyr til grensa mot Sverige er det innført eit maksimalmål på 32 cm totallengde
  • Frå 1. januar til 1. oktober klokka 8 er det forbode å oppbevare hummar i sjøen
  • All omsetning av fisk og skaldyr skal skje gjennom eit salslag eller ein godkjent kjøpar

Kjelde: Fiskeridirektoratet

(©NPK)

Kommentarer til denne saken