Den planlagte storsatsinga til Hydro, Equinor og Panasonic på ein norsk batterifabrikk fekk mang ein lokal næringspolitikar opp av stolen og i arbeid i fjor. Den planlagte fabrikken skal lage ulike typar batteri, inkludert batteri til den stadig veksande elbil-parken.

Over 80 kommunar melde seg på, inkludert i Sogn og Fjordane. Det blei leita etter areal, tilgjengeleg kraft, nye potensielle bustadområde til dei fleire tusen tilsette - og optimismen var stor.

Per i dag står eit fåtal att som aktuelle kandidatar, og no viser det seg at også desse kan bli skuffa.

For ifølgje NRK Vestland kan heile satsinga no hamne i utlandet.

Hamar/Løten er ein av dei 20 kandidatane som har fått beskjed om at dei framleis er med i vurderinga. Men næringssjef Svein Frydenlund stadfestar overfor NRK at dei også har fått beskjed om at fabrikken kan ende opp utanfor Norges grenser.