Milliongåve til Hub for Ocean si hydrogen-satsing

GÅVE: Hub for Ocean får ein million kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane til si hydrogensatsing.

GÅVE: Hub for Ocean får ein million kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane til si hydrogensatsing.

Artikkelen er over 1 år gammel

Sparebanken Sogn og Fjordane gir éin million kroner frå sitt overskot til Hub for Ocean og deira satsing på hydrogen.

DEL

– Denne gåva skal vere med på å løfte fram ei viktig satsing innan grøn skipsfart med hydrogen, seier assisterande banksjef Jo Dale Pedersen.

Han er Sparebanken Sogn og Fjordane sin bransjeansvarlege for petroleumsretta industri og energi.

Hub for Ocean (tidlegare Maritim Forening),  er interesseforeininga for verksemder med havbasert aktivitet i fylket. I fjor haust vart Arena-klynga Ocean Hyway Cluster (OHC) oppretta, og det er nettopp til denne klynga milliongåva er retta til.
OHC vert drifta av Hub for Ocean.

– Eit godt utgangspunkt for å vere ein leiande nasjon

Gåva er gitt frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, skriv dei i ei pressemelding.

Dale Pedersen i banken seier at gåva først og fremst er knytt til å arbeide med produksjon av hydrogen og bruk av hydrogen i skipsfarten.

– Klynga kan styrke lokalt næringsliv og opne dører i samarbeid med både nasjonale og internasjonale aktørar. Norge har med sin maritime industri eit godt utgangspunkt for å vere ein leiande nasjon på dette feltet, seier Dale Pedersen.

– Ein viktig støttespelar

Hub for Ocean, som altså driv OHC, mottok gåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane på den første fellessamlinga med medlemmane og styringsgruppa i hydrogenklynga nyleg.

– Ocean Hyway Cluster skal jobbe for å realisere maritim bruk av hydrogen, gjennom å samle heile verdikjeda av relevante aktørar, både nasjonalt og internasjonalt, forklarer Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean.

Til denne jobben er han glad for at Sparebanken Sogn og Fjordane er med på laget.

– Sparebanken Sogn og Fjordane har vore ein viktig støttespelar for oss over fleire år, og vi er særs glade for å ha dei med på laget. I tillegg til pengegåva går  Jo Dale Pedersen inn i styringsgruppa for Ocean Hyway Cluster. Han skal bistå klynga med oppgåver og aktivitetar knytt til finansiering og risikovurderinga av prosjekt, seier Kvalsund.

Dette er Ocean Hyway Cluster

- Ei hydrogenklynge for selskap i maritim sektor

- Eit kompetansesenter for for desse selskapa

- Ein møtestad for hydrogenindustrien og teknologileverandørar

Kjelde: hubforocean.no

Artikkeltags