På dagen 40 år etter utgjevinga av Astrid Lindgrens siste meisterverk, er Firdapostens svar på Skalle-Per (Arne Hjorth Johansen) og Ronja Røverdatter (Elise Angermo Fossland) invitert med for å ta spranget inn i 40-episoderskrisa i lag med Tempopodden.

I dagens episode, får ein mellom svar på korleis det gjekk når Benjamin kanaliserte sin indre Mike Dean som linjedommar, kven som ringer inn for å ta eit oppgjer med Kristian, kor vidt Elise føretrekkjer langhåra, kortklipt eller glattbarbert, og kvifor Arne er så hardhuda nedantil.

I tillegg til dette, får ein høyre om nær døden-opplevingar, pante-frustrasjon, forventningar til spolera basert på etternamn, kulturtilboda i Florø. Ikkje minst får lyttarane høyre Benjamin plukke fram gamle kunster som vokalist.

Ja, det siste kan de forresten høyre her også. Det ligg video av seansen øvst i saka.

Gamle epiosoder finn du til dømes på Spotify, eller andre plassar der det er naturleg å leite etter podkastar av ymse kvalitet.