"Ingvild" er trekt av grunn

Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ein lastebåt har gått på grunn ved Grasskjeret nær Stabben fyr utanfor Florø. Cargoskipet «Ingvild» er 98 meter langt, er bygt i 1977 og har eit mannskap på 15 og er eigd av Myklebusthaug Rederi på Fonnes i Austrheim.

Staden der båten har gått på grunn, ligg rett aust av Grasskjeret, og det er mange fartøy som har fått ufrivillig kontakt med moder jord nettopp på denne plassen.

Båten verkar å ha gått for full maskin då grunnstøytinga skjedde. Ifølge nettinformasjon om båten, heldt den ein fart på 11,2 knop då den trefte grunna, og båten stakk då cirka seks meter djupt.

Taubåt er rekvirert, skriv politiet på sin twitterkonto.

Hovudredningssentralen kan fortelje dette om saka:

– Vi fekk melding like før 12:30 frå Florø Radio om at lastebåten «Ingvild» har gått på grunn utanfor Florø. Det er ingen lekkasje eller personskade, så det vert nok eit kommersielt slepeoppdrag. Redningsskøyta «Halvdan Grieg" vart sendt ut frå Florø for sikkerheits skuld. Det er ikkje noko stor dramatikk, reint bort ifrå at den er gått på grunn, fortel Willassen.

14:35: Båten skal vere trekt laus og sig no inn mot Florø.

Artikkeltags