Helseminister Bent Høie (H) seier både at blir vinterferie i år og at det er greitt å reise bort, men berre i Noreg.
Fredag ettermiddag skal regjeringa halde ein pressekonferanse der dei gjer greie for koronasituasjonen i Noreg og utsiktene mot vinterferien.
– Det blir vinterferie, og det er greitt å reise på ferie i Noreg. Men i år må ein ikkje dra til utlandet på vinterferie. Eg veit at mange har feriestader i utlandet, og mange har næraste familie i utlandet, men slik det er no vil det vere i strid med reiserådet frå regjeringa, seier Høie til NRK.
Han viser til at risikoen er høgare for å bli smitta og at det er fare for at reglane for reiser kan bli endra medan ein er på reise.
(©NPK)