Gå til sidens hovedinnhold

Høie ber kommunar med null smitte om å følgje dei nye koronareglane

Artikkelen er over 1 år gammel

I mange kommunar har det ikkje vore registrert smitte på mange månader. Helseministeren ber likevel også dei om å følgje dei nye nasjonale koronarestriksjonane.

– Eg forstår dei som synest det er rart å ikkje kunne ha fleire enn fem gjester på middag i ein kommune der det ikkje har vore registrert eit einaste smittetilfelle på fleire månader, seier helseminister Bent Høie (H).

– Men poenget er dette: Vi har hatt 150 små og store smitteutbrot sidan august. Vi veit ikkje kvar det neste kjem. Det kan starte i ein middag i ein kommune der det ikkje har vore registrert smitte på månadsvis, seier helseministeren.

Dei nye nasjonale koronatiltaka til regjeringa tredde i kraft onsdag, mellom anna med råd om å ikkje ha fleire enn fem gjester og dessutan ei oppmoding om å kutte ned på sosial omgang.

– Om vi avgrensar talet på menneske vi er saman med, avgrensar vi smitten og gjer sporinga enklare, seier Høie.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken