Gå til sidens hovedinnhold

Høie ber kommunane vere førebudde på gjenopning

Helseminister Bent Høie (H) ber kommunane vere førebudde på gjenopning av landet frå og med 24. september.

Det kjem fram i eit brev som Helsedepartementet har sendt til kommunane i landet.

Der blir kommunar som framleis treng koronatiltak, bedne om å lage eigne koronaforskrifter som skal kunne ta til å gjelde allereie frå fredag denne veka.

Det var VG som først omtalte saka.

– Ingen dramatikk

Statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H) seier til NTB at brevet vart sendt til kommunane som eit ledd i førebuingane til overgangen til «En normal hverdag med økt beredskap», og at det er ei oppfølging av eit møte dei hadde med alle kommunane sist fredag.

– Samtidig som vi sende brevet til alle kommunen, la vi ut ei nyheitssak om det på regjeringa.no. Alt dette skjedde måndag. Det er dermed ingen dramatikk i dette, det skulle berre mangle at vi førebur gjenopninga av Noreg, seier Korkunc.

– Når vi etter kvart går over til «En normal hverdag med økt med beredskap», stansar dei fleste reglane i covid-19-forskrifta. Nokre kommunar kan likevel ha behov for lokale forskrifter. I brevet oppmodar vi kommunane som har behov for det til å starte dette arbeidd så snart som mogleg, slik at eventuelle lokale forskrifter om nødvendig kan vedtakast med verknad frå 24. september, legg han til.

Kommunane positive

– Vi er relativt førebudde på at det nærmar seg, og vi er kjempeglade for dette, seier ordførar i Kristiansand, Jan Oddvar Skisland (H), til Fædrelandsvennen. Han trur ikkje det blir problematisk for Kristiansand å klare seg på eiga hand med lokale tiltak den dagen dei nasjonale restriksjonane stansar.

Også kommunalsjef for helse og meistring i Larvik, Guro Winsvold, stiller seg positiv til datoen som er sett.

– Dette er vi i god rute med å gjere. Onsdag neste veke skal vi ha beredskapsmøte, og der skal vi ha ein total gjennomgang av beredskapssituasjonen i kommunen, seier Winsvold til Østlands-Posten.

Kommunedirektør i Trondheim kommune, Morten Wolden, kallar det for ei gladnyheit for dei fleste. Men han legg til at kommunen hadde forventa at gjenopninga skulle bli noko seinare.

– Det kom litt overraskande og bardust på. Samtidig har det vore ein hektisk møteaktivitet før denne nyheita kom. Men eg synest det er litt kort tidsfrist. Vi er førebudde på å måtte setje i verk ny, lokal forskrift på kort tid, og formannskapet kan møte på to timars varsel, seier Wolden til Adressa.

Konkret frist

Korkunc seier Helse- og omsorgsdepartementet var opptekne av å finne ein konkret dato.

– Det var viktig for oss at det vart sett ein konkret frist som kommunane kunne innrette seg etter, at det vart akkurat fredag 24. september er tilfeldig, seier han.

Frå 27. september blir krava til koronaoppfølginga frå kommunane, i den såkalla TISK-strategien, nedjustert. TISK står for testing, isolering, smittesporing og karantene.

Nedjustert TISK inneber at færre må gå i karantene, og at kommunane i mindre grad skal drive med smittesporing.

Kommentarer til denne saken