FLORØ - KJELSÅS 2-2
Dag Frøyen

Høgresida til Høydal var stengd for uvedkommande. Har han vore betre i Florø-trøya? Her er vår spelarbørs etter kampen mot Kjelsås

Florø gav bort tre poeng mot Kjelsås, etter å ha gått til pause med 2–0 opp. Det er skuffande, men heimelaget rakna meir eller mindre fullstendig i andre omgang og kan berre skulde på seg sjølv. Dermed glapp sannsynlegvis målet om å bli blant dei sju beste. Florø må no vinne mot Hødd neste helg, samtidig som Brattvåg taper sine to siste, og Tromsdalen og Eidsvold Turn ikkje tek meir enn eitt poeng i sine siste kampar. Lite truleg kanskje, men eit lite halmstrå er det jo.
Publisert