Det er ikkje mange dagane sidan helseminister Bent Høie (H) vitja mellom anna smerteklinikken ved SMS i Florø.

Etter fire år der Flora-samfunnet har fått eit vesentleg dårlegare flytilbod ved kommersialisering av Florø lufthamn og mista mange offentlege arbeidsplassar i samband med reformer innan område som politiet og endring av skattekontorstrukturen, sender regjeringspartiet Høgre tungvektarar i fleng til Flora for å berge stortingsmandatet i Sogn og Fjordane.

Ved sist val gjekk stortingskandidat Bjørn Lødemel (H) høgt på bana og lova 200 millionar kroner til Kystvegen-prosjektet. Dette skulle ikkje takast av samferdslebudsjettet, men sjåast på som eit næringsutviklingsprosjekt.

LES SAK:

Sist veke greidde Høgre med draghjelp frå Venstre å snu UDI i å legge ned Solbakken Asylmottak i Florø, noko som kan gje eit løft i valkampen.

I dag kjem næringsminister Monica Mæland (H) til Florø for å besøke Slakteriet og å ha eit uformelt dialogmøte med havbruksnæringa om eksport av fisk.

Dette gjer ho i samband med at regjeringa legg opp til å auke støtta til eksportnæringane med 54 millionar kroner.

– Velferden vår bygger ikkje på at vi sel og kjøper varer og tenester med kvarandre i Norge, men at vi sel til og kjøper frå andre land. Med utviklinga vi ser no er det viktig at vi jobbar for større internasjonale marknadsdelar, seier Mæland til E24.

Deretter blir det å delta på valstand på Amfi og til sist å banke på dører i Florø med valbrosjyrer.

På fredag kjem utenriksminister Børge Brendø for å delta på frukostseminar med næringsselskapet Aksello i Florø.