Torar mot "Ap-starta" flytting av Alarmsentralen

Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H)

Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Bengt Solheim-Olsen (H) med klåre bodskap under årsmøtet i Sogn og Fjordane Høgre.

DEL

- Det irriterer meg grenselaust at Sogn og Fjordane i framtida ikkje skal vere eit eige politidistrikt, sa floraordføraren under innlegget sitt på årsmøtet i Sogn og Fjordane og streka under:

- Kvar einaste gang det blir satt ned et faglig politisk utvalg blir konklusjonen meir ressursar, meir fag og meir styring konsentrert dit dei politiske myndighetane ønsker å sentralisere.

Han streka vidare under at dagens ordning er så robust som ein kan få det, og viste mellom anna til korleis politiet takla brannkatastrofen i Lærdal, ulykka i Gudvangatunnelen, flaumen i Aurland i fjor og ikkje minst Dagmar.

-  Samhandlingen etatane mellom var heilt avgjerande for at desse hendingane ikkje førte til at det gikk med fleire liv, presiserte Solheim-Olsen.

Men når det trass lokale protestar vart vedteke at politidistriktet skulle slåast saman med andre distrikt, meiner Solheim-Olsen at det rette er å slå oss saman med Hordaland. Men han forlangar samstundes at lovnadane i resolusjonen om å byggje kompetansearbeidsplassar ved politistasjonen i Florø blir følgd opp.

- Nærpolitireformen opnar for at spesialfunksjonar som til dømes kriminalteknikk, etterforsking av seksuelle overgrep, økonomietterforsking, spesielle beredskapsoppgåver og liknande kan plasserast andre stader enn der det nye politidistriktet si leiing og administrasjon er lokalisert. Det skal vi, og må vi, sørge for blir en realitet. Beredskapsbyen Florø skal styrkast i framtida, presiserte ordføraren.

Han streka også under at Alarmsentralen forstatt blir en del av dette kompetente beredskapsmiljøet på Politihuset i Florø.

- No må vi også sørge for å stoppe forslaget fra AP om å legge ned Alarmsentralen, og vi må sørge for at AMK-sentralen i Førde består slik den fungerar i dag. Sogn og Fjordane Høgre må sørge for at distriktspartiet Høyre stoppar den arrogante og elendige prosessen Arbeidarpartiet og Direktoratet for Sikkerhet og Beredskap sette i gang med å legge ned Alarmsentralen, tordna Solheim-Olsen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken