Erlend (26) skal gi råd til helseministeren

FLORØ: Erlend Bøe blir rådgjevar for helse- og omsorgsminister Bent Høie.

DEL

– Statsministerens kontor har i dag engasjert Erlend Svardal Bøe som politisk rådgjevar for helse- og omsorgsminister Bent Høie, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Stillinga er eit vikariat i perioden 13. januar til 20. juli, då politisk rådgjevar Saliba Andreas Korkunc skal ha foreldrepermisjon.

– Dette blir spennande! Det blir veldig fint å få politisk erfaring frå regjeringa, og frå helse- og omsorgsdepartementet. Det er jo eit veldig viktig departement som handlar direkte om folk sin kvardag, frå eldreomsorg og helsetilbod til rus og psykiatri. Så eg gler meg veldig til å komme igang, seier Bøe til Firdaposten.

– Helse- og omsorgsminister Bent Høie er ein veldig dyktig statsråd, og det blir spennande å jobbe med politikk på nasjonalt nivå, etter mange år i lokalpolitikken. Ein har andre moglegheiter til påverknad på nasjonalt plan.

I tillegg til å vere heiltidspolitikar som gruppeleiar i Tromsø Høgre, er Bøe også nestleiar i helse- og velferdsutvalet i kommunen. Og det var nettopp helse som i si tid fekk han engasjert i politikken:

– Det var ruspolitikken som gjorde at eg starta å engasjere meg, seier han.

Bøe har mellom anna bakgrunn som generalsekretær i Unge Høgre. I to år hadde han både den stillinga og rolla som gruppeleiar for Tromsø Høgre.

– Men det aller viktigaste vervet eg har hatt, er jo sjølvsagt ungdomsordførar i Flora! Eg blir framleis hanka inn til folkevaldopplæringa for ungdomspolitikarane i Flora, om lag annankvart år. Så det er viktig for meg å følge opp, seier Bøe.

Når han no snart skal vikariere i helse- og omsorgsdepartementet, synst han det er ekstra artig at han kjem frå ein kommune som har gjort seg bemerka innan helsetilbod.

– Det arbeidet som skjer på Sunnfjord medisinske senter vert lagt merke til nasjonalt, dei har gått litt i front, seier Bøe.

SMS er mellom anna med i to nasjonale pilotprosjekt, og fekk nyleg mykje skryt av ein stor delegasjon frå departementet som var på besøk i Florø.

– Så no gler eg meg. Dette blir artig!, avsluttar Høgre-politikaren.

Artikkeltags