Erlend (26) er ei stigande stjerne i Høgre - no har han fått enno eit oppdrag

Erlend Svardal Bøe, Høgre

Erlend Svardal Bøe, Høgre Foto:

POLITIKK: For berre ei lita veke sidan, melde Firdaposten at Erlend Svardal Bøe blir rådgjevar hos helseministeren. No har han også plass i kommunalutvalet.

DEL

I tillegg til å vere rådgjevar for helseministeren, har Bøe også vore gruppeleiar for Høgre i Tromsø - og denne veka vart han vald inn i Høgres kommunalutval.

Kommunalutvalet blir valt av Høgres sentralstyre for to år i gangen, og skal vere det viktigaste bindeleddet mellom partiets lokalpolitikarar, stortingsgruppa, regjeringa og Høgres hovudorganisasjon. Kommunalutvalet skal vere ein arena for politikkutvikling og for politikk som skal spelast inn til sentrale organ i Høgre, heiter det i pressemeldinga frå Høgre.

Det er ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle, som er vald som leiar for kommunalutvalet.

Artikkeltags