Høgre og Framstegspartiet meiner den anstrengde situasjonen i Europa gjer at Noreg må leite etter meir gass og ikkje kan setje leiteverksemda på vent slik regjeringa og SV har avtalt, melder NRK.
– Det har vore eit Europa som har vore avhengig av russisk gass, seier Frps Terje Halleland.
– Det er sjølvsagt ei frykt i EU for at Russland vil strupe gass endå meir. Vi må ha ambisjon om å bidra med forsyningstryggleik i Europa, seier Ove Trellevik i Høgre.
(©NPK)