Kapteinen og skipslegen på Hurtigruteskipet Roald Amundsen er dømde til bøter på høvesvis 36.000 kroner og 46.000 kroner etter koronautbrotet på skipet.

Kapteinen blir også idømd sakskostnader på 10.000 kroner. Dommen frå Nord-Troms og Senja tingrett fall tysdag.

Dei to var opphavleg gitt bøter på 30.000 og 40.000 kroner som dei ikkje vedtok. Dermed hamna saka i retten.

Bøtene vart gitt for manglande varsling til norske styresmakter. Skipslegen vart i tillegg bøtelagd for manglar ved yrkesutøvinga som helsepersonell. Hurtigruten har tidlegare vedteke ei bot på éin million kroner for brot på skipstryggingslova og smittevernlova.

386 personar vart sette i karantene og 71 vart smitta i utbrotet på Hurtigrutens MS Roald Amundsen i juli 2020.