Energiministeren sa nyleg at ho vil gå i dialog om kraftflyten i kablane for å unngå «lange periodar med rein eksport i periodar med låg magasinfylling».
Til Klassekampen presiserer statssekretæren hennar at regjeringa ikkje har planar om å komme med krav eller reforhandle avtalane.
– Vi seier dialog, ikkje forhandlingar. Det er naturleg å snakke med samarbeidspartnarane våre for å skape ei felles forståing av korleis handtere spørsmål om forsyningstryggleik, viss ein liknande situasjon som i vinter oppstår igjen, seier Amund Vik (Ap).
Han snakkar på vegner av Persen, som er sjukmeld med korona.
Han presiserer òg at sjølv om det er ønskjeleg å unngå lange periodar med rein eksport, så er det ikkje snakk om å skru av kraftflyten gjennom kablane.
Førebels har Noreg ikkje varsla Storbritannia eller EU om at ein ønskjer å snakke om straumeksporten. Vik kan heller ikkje gi nokon dato for når det blir aktuelt med samtalar.
– Vi skal først greie ut kva effekt situasjonen i vinter har hatt på kraftprisane, eksporten og forsyningstryggleik. Då er det nærliggjande å vente til støvet har lagt seg.
Han legg til at utgreiingsarbeidet til regjeringa allereie er i gang og skal vere ferdig så fort som mogleg.
(©NPK)