Den tidlegare Sp-leiaren, Liv Signe Navarsete snakkar ut om den grove tekstmeldinga, fødselsdepresjonen og dei mange politiske konfliktane i boka; «Eg veit kva eg snakkar om».

Ho blei kjent som heile Noregs kruttønne då ho for ope kamera skjelte ut ei dame på Nordfjordeid med orda «Du veit ikkje kva du snakkar om». Sjølv meiner Liv Signe Navarsete at ho veit godt kva ho snakkar om.

Heftig temperament

Den tidlegare politikaren og no statsforvaltar i Vestland fylke, er ikkje redd for å rippe opp i episoden som gjorde at ho for alvor blei kjent i heile Noreg. Uvitande om at det heile blei filma skjelte ho ut ein sjukehusaktivist framfor ope kamera.

- Av alle ting som eg har vore oppe i så har eg aldri fått så mykje positive tilbakemeldingar som etter denne episoden. For medan media fokuserte på den illsinte dama som hadde problem med å meistre sinnet sitt, var det mange som tok kontakt med meg for å gi støtte. Dei syntest det var urettferdig at eg fekk kritikk sidan eg hadde stått slik på for å redda sjukehuset på Nordfjordeid. Elles trur eg folk er leie av å høyre glatte politikarar som lirer av seg innøvde frasar, seier Navarsete.

Hendinga på Nordfjordeid var toppsak på nyheitene i fleire dagar og blei heftig parodiert i forskjellige humorprogram. I dag kan 64-åringen også le av det heile.

– Eg tar ikkje meg sjølv så høgtidleg og lyt berre tole at folk har hatt litt moro med denne episoden, seier ho.

- Modig

Det er forfattar og journalist, Jens Kihl, som har skrive boka om Navarsete. Han er imponert over kor open politikaren er om både fødselsdepresjonen, at ektemannen døydde og om den vanskelege tida etter at ho gjekk av som partileiar.

– Det er modig av henne å snakke så ope om dei vanskelege tinga ho har vore gjennom både som politikar og som privatperson. Spesielt er eg imponert over at ho er så open om då ho fekk diagnosen fødselspsykose og at ho måtte vere to månader på psykiatrisk institusjon. I ei tid der vi har ein litt rar diskusjon om kvinnehelse, er det både modig og viktig at nokon set ord på saker som verkeleg har med kvinnehelse å gjere. Men samtidig meiner eg at Liv Signe er ei dame som torer å seie ting som dei er, så viss nokon skulle klare å vere så ærleg – så er det nettopp henne.

Den grove tekstmeldinga

Liv Signe Navarsete har stått i mange politiske slag og har måtta tole mykje personleg hets. Det heile toppa seg då det i 2016 tikka inn ei tekstmelding på telefonen hennar. «Vi har lyst på fitta di» stod det i tekstmeldinga som vart sendt frå mobilen til ein av dei mange Sp-politikarane som var på hyttetur den helga.

Meldinga kom midt på natta og Navarsete seier det var som å få ein knyttneve midt i andletet.

– Desse mennene ville vise kor lite dei syntest eg var verd og eg kan ikkje tenkje meg ein meir krenkjande måte å gjere det på. Eg har prøvd å leggje denne saka bak meg, men eg er framleis skuffa over kor lite partileiinga gjorde for å finne ut kven som hadde sendt meldinga. Både Trygve Slagsvold Vedum og Marit Arnstad kunne ha gjort meir i denne saka for å finne ut kven som sende meldinga. Eg er heilt sikker på at det er fleire av dei som var på denne hytteturen som veit kven som er den skuldige, seier ho.

Fekk PTSD

Tida før Navarsete gjekk av som leiar for Senterpartiet var prega av daglege avisoverskrifter og mykje uro internt i partiet. Ho fekk virus på balansenerven og fekk i tillegg diagnosen posttraumatisk stressliding (PTSD).

- Ein lege spurde meg i ein annan samanheng korleis eg hadde det, og då gjekk det ikkje lang tid før eg fekk diagnosen. Eg stod i enormt mykje på den tida. Eg merka det på konsentrasjonen og hadde problem med å få med meg ting. Det var daglege medieoppslag og eg visste aldri kva som venta meg.

Spesielt temperamentet hennar blei eit tema i media, men Navarsete trur mykje hadde vore annleis om ho hadde vore eit anna kjønn.

– Hadde eg vore mann med ei djup stemme trur eg at eg hadde blitt oppfatta annleis, og ikkje fått det ryktet eg fekk som illsint vestlending.

Mobba som barn

Det var ikkje så mange som såg for seg at Liv Signe ein dag skulle bli toppolitikar og eit kjent fjes i Noreg. Som barn var ho stille og forsiktig og gjorde lite av seg både på skulen og ute blant folk.

- På den tida hadde eg korkje sjølvtillit eller god sjølvkjensle. Eg følte i mange år at eg ikkje var god nok, og det kom av at eg blei mobba i barndommen. Vi kalla det vel ikkje mobbing på 60-talet men det var jo det det var.

Eg fekk meir sjølvtillit etter at eg lærte meg å spele gitar. Eg spelte på samfunnshuset og desto meir eg prøvde meg fram, så kom sjølvtilliten og no er eg ikkje redd for å seie meininga mi, for å seie det slik.

Statsforvaltar i Vestland fylke

Navarsete gjekk ut av politikken i 2021 etter at ho ikkje tok attval som stortingspolitikar. Ho skulle gjerne ha blitt spurt om å vere minister i den nye regjeringa til Støre og Vedum, men den telefonen kom aldri.

No er ho statsforvaltar i eit fylke ho eigentleg var i mot.

– Alle veit at eg var i mot å slå saman Sogn og Fjordane med Hordaland, men no må vi alle gjere det beste ut av situasjonen som den er. Eg er ein person som prøver å leggje ting bak meg, og no er det Vestland fylke som gjeld.

Ho meiner også at ho har blitt ein rausare og blidare person med tida.

- Så dei som trur dei har fått ein sint statsforvaltar, tek feil?

– Ja, dei tek etter min meining feil. Dei som jobbar med meg eller bur tett på meg, veit at eg er alt anna enn ei sint dame, seier Liv Signe Navarsete.

(©NPK)