Fleirtalspartia i Vestland fylkesting samlar seg no rundt eit KrF-framlegg om å løyve ein million kroner ekstra til kollektivtilboda ute i distrikta.

Ekstra viktig for dei unge

- Kollektivtilbodet er viktig for oss, enten vi bur sentralt eller på bygda. Størst tilbod er det sjølvsagt der det bur flest folk, og der er også gevinsten for å redusere klimagassutslepp størst. Derfor er det rett satsing. Men det er utruleg viktig at det er gode buss- og båtforbindelsar, med korrespondansar, som gjer at folk kan velje å reise kollektivt også i meir grisgrendte strøk.

Det seier KrF-gruppeleiar Trude Brosvik, og viser samtidig til at det i Nasjonal Transportplan (NTP) er eit eige tema under Barnas Transportplan om kor viktig det er, særleg for born og unge, at avstandsulempene blir redusert.

Fleire tiltak skal styrkast

- Viss ikkje, kan ungdom vanskeleg delta i fritidsaktivitetar eller på uorganiserte møteplassar utanom skuletid. Denne gruppa har ikkje eigen bil og vert difor avhengig av at nokon køyrer dei. Etter initiativ frå KrF, vert denne satsinga følgt opp i Regional Transportplan (RTP), seier Brosvik.

Fylket har allereie fleire ordningar, både permanente og under utprøving, på fleksible skysstiltak. «Hent meg»-bussen i Odda, Sørvisskyss, «Heim for ein 50-lapp» eller Lokale transportmidlar for ungdom (LTU) er slike døme.

- I samband med budsjettet for 2022 styrker vi denne satsinga med ei løyving på 1 million, slår Brosvik fast.