Det fortel Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde (Ap).
Dei som håpte på at uttalen frå kommunen som ligg inneklemt mellom Nord- og Sør-Kinn kunne bringe til torgs noko nytt i debatten no, må smørje seg med tolmod. Men uttalen vil sjølvsagt vere del av innspela som blir sendt til sentrale styresmakter.
– Uttalen er ikkje politisk handsama enno. Vi legg den inn som ei drøftingssak til formannskapsmøtet den 30. august. Ei eventuell høyringsuttale frå Bremanger vil ikkje vere klar før den tid, understrekar Førde.
Formannskapsmøtet er det første politiske møtet etter sommarferien.
I tillegg til at kommunestyret i Kinn sjølve skal komme med ei uttale etter folkerøystinga 1. september, sende Statsforvaltaren BDO-rapporten på høyring til fem nabokommunar av Kinn i midten av juli.
Desse kommunene har etter inndelingslova §9 mogelegheit å komme med ei uttale om deling av Kinn kommune. Dersom dei ønsker å komme med ei slik fråsegn må denne vere levert til 1. september. Det same gjeld for Vestland fylkeskommune som også har fått tilsendt både rapport og fristdato for uttale.
Dei fem nabokommunane som kan komme med uttale er Stad, Bremanger, Sunnfjord, Gloppen og Askvoll.