Ein hund etter hjort

Artikkelen er over 3 år gammel

Hunden Bajas fekk besøk av ein byhjort som ville leike.

DEL

Fredag hadde hunden til Anne-Grete Sagen ein noko uvanleg playdate.

Den 1 1/2 år gamle Shih tzuen Bajas fekk besøk av ein flott hjortebukk då han var ute i hagen på Blåsenborg i Florø sentrum.

- Hjorten kom inn i hagen vår på fredag. Den var ikkje aggressiv i det heile, det verka berre som han ville leike, fortel Sagen til Firdaposten.

Hjortedyret kom også tilbake seinare på dagen.

- Begge gangane han var på besøk ville han leike med hunden, fortel ho.

Sagen fortel at dei ofte opplever hjortar som går gjennom hagen, men dei har aldri tidlegare opplevd ein så kontaktsøkande hjort.

- Han var ikkje særleg redd for meg heller, eg fekk komme ganske nær då eg filma, seier ho.

- Typisk

Dagleg leiar i Norsk Hjortesenter på Svanøy, Johan Trygve Solheim, fortel at slik leik er vanleg for hjortedyr.

- Dette er heilt normalt. Det ser ut som ein superfrisk hjort, men den bikkja lever eit farleg liv, er Solheim sin første kommentar då han ser filmen.

- Dette er typisk hjorteleik. Og hjorten ser ut som ein triveleg, ung herremann, eit flott dyr, som eg gjerne skulle hatt ut hit på Svanøy som avlsbukk, seier Solheim.

Han fortel at hjortar gjerne leikar på denne måten, både med kvarandre og med andre dyreartar.

- Men då helst med dyr som er mindre enn dei sjølve. Er dei større slår gjerne instinktet om å flykte frå rovdyr inn.

- Ser ut som dei har det gøy

Solheim er sikker på at hjorten ville tatt hunden om det var det den ville.

- Det hadde han klart, og då hadde han sparka hunden. Men her ser det berre ut som hjorten hadde det frykteleg gøy, seier han.

Solheim seier at hundeeigaren ikkje bør føle noko stor frykt for leiken, men at ein ikkje bør la det gå noko lengre enn dette. Med eit spark frå hjortedyret er hunden ferdig, påpeikar han.

Hjortesenteret skulle gjerne ha henta denne bukken.

- Får eg lov, så hentar eg han! Sist vi henta dyr i Florø var i 2012, då fekk vi spesialløyve frå Miljødirektoratet, fortel Solheim.

Men med CWD-frykta og panikken som no rår, er det tilnærma umogleg å få løyve til å fange ville dyr i det heile, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken