CWD, eller skrantesjuke på norsk, kasta mørke skuggar over viltseminaret i Førde sist helg. Der hadde Skogeigarlaget, Norsk Hjortesenter og dei andre medarrangørane henta inn ekspertar som slett ikkje kom med optimistiske signal til dei godt 150 deltakarane frå heile Vestlandet:
Spår funn på hjort
– CWD har så langt råka villreinen i Nordfjella mest. Men det vil vere naivt å tru at vi klarar å halde smitta borte frå hjorten i åra som kjem. Det einaste vi så langt veit virkar, er å ta grep som minskar smittefaren, slo Erik Lund frå Miljødirektoratet fast.
Les også: Girar opp skrantesjuke-jakta
Det betyr mellom anna vidareføring av forbod mot saltsteinar og fôring av vill hjort. Men viktigast og mest smertefullt:
– Vi må ta ned hjortebestanden etter mitt syn. Det er dei klare signala frå USA, som har hatt prionsjukdomen CWD lenge. I dei områda ein har halde bestandane nede, har prosentandelen smitta hjort vore betrakteleg lågare enn i dei statane ein har gitt opp og kasta korta, proklamerte Lund til forsamlinga.
Målet: Dobbelt så mange prøver
Det betyr at skrantesjuketrugsmålet kan bli den viktigaste forvaltningsfaktoren i hjortebestanden vår i åra som kjem. Dei siste åra har diskusjonen rundt skyting av meir kalv og ungdyr vore stor i vårt fylke. Det nye trugsmålet er eit argument for å styrke den tenkinga.
– Ved å skyte meir kalv og ungdyr, får vi ein bestand av eldre, meir robuste og motstandsdyktige dyr. Det må vi få til, slo Lund fast.
Målet for inneverande sesong er å få dobla antalet hjerneprøvar frå i fjor, då forskarane fekk 10.000 prøver på bordet. Det blir no vurdert om jegerar med såkalla feltkontrollør-utdanning skal kursast i å ta hjerneprøvar i felten neste jaktsesong.
Når det gjeld framtida til villreinen i Nordfjella mellom Lærdal og Aurland, vil lagnaden til rundt 1500 villrein bli avgjort i løpet av dei to neste vekene. Til saman er det funne tre dyr med CWD-smitte i dette området.