Får ikkje snuse opp hjorten

Vil ut i teneste: Balder (1) er på hogget, klar til å starte karriera som ettersøkshund. Men kastreringa i vår har stukke kjeppar i hjula for den bayerske viltsporhunden og eigar Kåre Per Nekkøy. Foto. S.A. Vee

Vil ut i teneste: Balder (1) er på hogget, klar til å starte karriera som ettersøkshund. Men kastreringa i vår har stukke kjeppar i hjula for den bayerske viltsporhunden og eigar Kåre Per Nekkøy. Foto. S.A. Vee

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Viltsporhunden Balder er eit stortalent som ettersøkshund. Men det hjelper lite når han er kastrert.

DEL

Den bayerske viltsporhunden Balder spring rundt i hagen til nestleiar i Eikefjord ettersøksring, Ann-Kristin Gaare, heilt utvitande om at han har blitt ein nasjonal kasteball. Saka rundt den eitt år gamle hannhunden til Kåre Per Nekkøy frå Stavøy har hamna på Miljødirektoratet sitt bord, i ein aldri så liten maktkamp der både direktoratet, Norges Jeger og Fiskerforbund og Norsk Kennel Klub (NKK) er involvert.

Måtte kastrerast

Det heile starta då unghunden i vinter blei diagnostisert med såkalla abdominal kryptorkisme. Testiklane låg oppe i buken på hunden. Det aukar sjansene for kreft og for at hunden får smerter.

– Etter ei totalvurdering tilrådde veterinær Hanne Husebø Kristensen å kastrere Balder. Det er ikkje noko kjekt med tanke på framtidig avl, men for meg var det bruken av hunden og det å få han godkjent som ettersøkshund på storvilt som var det vesentlege, fortel Nekkøy.

Overraskinga var difor stor då han kontakta Norsk Kennel Klub i vår for å starte løpet mot godkjenning av Balder til ettersøk. Ei slik godkjenning kan du oppnå etter å ha bestått ei blodsporprøve, samt ei fersksporprøve, der hunden følgjer spora av ein levande hjort.

– Eg fekk avslag frå NKK på søknad om dispensasjon frå eit vetak frå 1. februar i år, der NKK har bestemt at hundar som har blitt kastrert etter denne datoen, ikkje får starte på noko form for prøver og konkurransar. I avslaget vart det vist til utstillingreglane. Det meiner eg er heilt urimeleg. Balder har talent som sporhund. Bayersk viltsporhund er avla fram nettopp til å finne trafikkskadd eller skadeskoten hjort. At han ikkje skal få høve til å gjere det han kan best, er tullete, seier den erfarne ettersøksjegeren.

Direktoratet på bana

Sjølv med stadfesting frå veterinær på at kastreringa var gjort av medisinske årsaker, heldt NKK på sitt. Med støtte frå Norsk Schweisshundklubb og NJFF blei Miljødirektoratet kopla inn i saka, og ting byrja røre på seg. Det er Miljødirektoratet som har gjeve Norsk Kennel Klub jobben med formell godkjenning av ettersøkshundar. Direktoratet har i brevs form slått fast at NKK praktiserer regelverk på tvers av direktoratet sin intensjon, og ber NKK endre praksis.

"Ettersøksjobben er for viktig til å bli hindra av regelrytteri.

Kåre Per Nekkøy

Hundeeigar

– Vi har kome eit lite steg vidare med Miljødirektoratet si støtte. Dei har no delt inn prøvene i to kategorier for å skilje mellom godkjenningsprøver for ettersøk og reine jaktprøver. Problemet er at denne praksisendringa ikkje skal gjelde før frå april 2016, og då har vi kasta bort eit år til før Balder kjem i gang. Det er vanskeleg å akseptere, og eg kjem til å ta saka vidare, seier Nekkøy.

Nekkøy har fleire hundar av same rase. Dei byrjar å trekkje på åra, og planen var å late Balder ta over den viktige jobben han nyttar mykje av fritida si på.

– I fjor gjekk eg over 20 ettersøk, for jaktlag og for Flora kommune. Ettersøka fordelte seg likt mellom trafikkpåkøyrd hjort og skadeskytingar. Eg føler vi gjer ein viktig jobb med omsyn til dyrevelferd, og denne oppgåva må ikkje hindrast av regelrytteri, seier Nekkøy.

– Heilt urimeleg

– Vi har eit skrikande behov for dyktige ettersøkshundar. Då kan vi ikkje ha eit slikt godkjennings-regime.

Det faststlår Ann-Kristin Gaare. Som nestleiar i Eikefjord ettersøksring og styremedlem i NJFF Sogn og Fjordane sitt ettersøksutval, ser ho kor stort behovet er for at ein til ei kvar tid trenar, øver og får fram nye ettersøksekvipasjar.

– Kåre Per Nekkøy og hundane hans er vel dei som befridde flest hjortar frå unødige lidingar i kommunen vår i fjor. Norsk Kennel Klub si praktisering av regelverket viser etter mi meining at dei er på villspor. Vi meiner det må skiljast klart mellom reglar for utstilling, og dei reine brukshundprøvane. Vi har valt å gå ut med saka rundt Balder for å synleggjere dette andsynes Miljødirektoratet. Eg har tru på at vi skal få endra praktiseringa av regelverket. Målet må vere at NKK gjer om vedaket og at Balder får gå opp til prøve i år, seier Gaare.

- Kastrering ulovleg

Det er i utgangspunktet ulovleg å kastrere hundar i Norge, så sant det ikkje er tungtvegande medisinske grunnar til det.

Det stadfestar veterinærkonsulent for Norsk Kennel Klub, Kristin Wear Prestrud.

– Vi må forhalde oss til lovverket, og Mattilsynet si fortolkning av dette når det gjeld kastrering. Ut frå opplysningane skulle nok ikkje Balder vore kastrert fordi det er gjort som eit førebyggande inngrep. Der meiner vi lovverket er klart. Men eg veit det rår usemje innad i veterinærmiljøet om desse spørsmåla. Når denne hunden likevel er kastrert, har eg stor forståing for at eigaren likevel ønskjer å bruke den som ettersøkshund ved praktisk jakt, seier ho.

- NKK kjem til å sjå på regelverket på nytt, slik at våre hundeprøver framleis kan brukast i utdanninga av komande ettersøkshundar, også i de tilfella der hunden eventuelt ikkje fyller kriteria for ordinær deltaking på prøver eller konkurransar, seier Prestrud til Firdaposten.

Artikkeltags