Full forvirring om uforståeleg hjortevedtak

DEL

Svein Olav Senneset i Senneset vald i ytre Bremanger påpeikar at eit detaljert vedtak i formannskapet om felling av hjort er upresist og at det ikkje er mogleg å forstå.

Våren 2017 vart det gjort vedtak om tre års forvaltningsplan. Vel ein månad seinare gjorde formannskapet eit presiserande vedtak om prosentvis fordeling mellom ungdyr kolle og vaksne koller som kan skytast.

I tillegg til å etterlyse informasjon til valda frå kommunen si side om dette vedtaket, forstår ikkje Senneset kvifor det er gjort.

– Kva var det kome til av ny kunnskap som gjorde at ein ønskte å endre ein langtidsplan allereie etter ein månad? Kva betyr vedtaket og kven gjeld det for? 

Han viser til at forskrifta seier at kommunen ikkje kan krevje at bestandsplanar inneheld fleire kjønnskategoriar enn vaksne hann og hodyr, spissbukk og kalv. Kommunens iver etter detaljstyring ser ut til å skape forvirring sidan vedtaket kan tolkast på fleire måtar.

Artikkeltags