Video: Mysteriet løyst! Sjå kven som stakk av med hjorten!

Hjortekadaveret som heng bak båten.

Hjortekadaveret som heng bak båten. Foto:

No er mysteriet løyst, og hjorten er fjerna!

DEL

I fem dagar har det loge eit hjortekadaver på sørstrand, som kunne bli ein potensiel helseskade, sidan kadaveret låg ganske offentleg og i nærleiken av eit anlegg som tilhøyrar Sørstrand Barnehage.

Det vi høyrde fyrst var at hjorten ikkje vart fjerna, og at dette var grunneigar sitt ansvar, men så vart det plutseleg vekk, når nokon vill prøve å fjerne det på måndag. Men no veit vi kva som har skjedd, og det er takka dei to brannmeistrane Bjarte Nesheim og Ole Petter Sande.

– Vi fekk eit besøk av kommunen der vi vart spørt om ikkje vi kunne ta oss ein tur å sjå på kadaveret og kanskje fjerne det. Så mandag morgon undersøkte vi kadaveret, og seinare på dagen når det vart flo, kom vi tilbake og trakk det langt ut på sjøen, fortel brannmeister Bjarte Nesheim.

Her kan du sjå brannmeistarane ta på seg oppgåva og fjerne kadaveret med båt:

    Artikkeltags