– Hjelp dei som ikkje kan norsk med rett informasjon

KOORDINERING: Felles koordinering av korona-tiltak er alt Kinn-ordførar Ola Teigen styrer med for tida. No søker han å nå dei som ikkje snakkar norsk.

KOORDINERING: Felles koordinering av korona-tiltak er alt Kinn-ordførar Ola Teigen styrer med for tida. No søker han å nå dei som ikkje snakkar norsk. Foto:

FLORØ: Kinn-ordførar Ola Teigen oppmodar arbeidsgjevarar som har tilsette som ikkje kan norsk, å få fram korrekt korona-informasjon.

DEL

FLORØ: Korona-situasjonen pregar dagane for ordførar Ola Teigen i Kinn, og no er han opptatt av at også dei som ikkje snakkar norsk skal få hjelp knytt til dei spørsmål ein måtte ha om dei iverksette korona-tiltaka.

Han fryktar no mange er uroa over den ekstraordinære situasjonen knytt til Korona-pandemien og kva reglar som gjeld i Norge.

– Det er ikkje sjå bort ifrå at det er mange arbeidarar som ikkje kan norsk. Men no er det slik at informasjon er å få hos folkehelseinstituttet der ein kan finne svar på spørsmål ein måtte ha på sitt eige morsmål, seier Teigen.

Kommuneoverlege Jan Helge Dale har tidlegare signalisert at Kinn kjem til å rette seg etter nasjonale råd, og når det kjem til strategi skal Kinn følge dei nasjonale retningslinjene som folkehelseinstituttet har lagt.

– Eg har ikkje oversikt over kor mange som ikkje kan norsk her, men eg vil oppmode arbeidsgivarar som har arbeidarar som ikkje snakkar norsk om å sikre at desse får hjelp. Det er behov å ha riktig informasjon om kva som er dei norske reglane mellom anna på karantene for at dei nasjonale tiltaka skal fungere etter plan, opplyser ordføraren.

Dei gjeldande nasjonale reglane til folkehelseinstituttet er å finne på engelsk her:


Artikkeltags