Dei er forventningsfulle, det er spennande og med nokre sommarfuglar i magen er det stort sett stas.

Kva møter dei? Kva veit vi eigentleg om skolen i dag?

Skolen er viktig. Den er eit speilbilde av samfunnet rundt oss, og på skolen kan ein «avlese» korleis samfunnet er. Dessuten er det 13 års levd liv for alle, mykje meir for mange. Men 13 viktige år.

Psykologistudent Adam Njå fekk mykje merksemd tidlegare i sommar med artikkelen «Menn i dameland» på NRK.no. Han seier det slik: «Vi har fått ein skole som systematisk diskriminerer gutar. Det er vel dokumentert at gutar utviklar impulskontroll seinare enn jenter. Gutar er meir rastlause, presterer betre når det er konkurranse og likar som regel meir røffe aktivitetar. Dei blir bedt om å sitje stille og blir mislikt av av læraren når dei er rampete. Slik har vi komme i ein situasjon der stadig fleire høgskulestudiar også er dominert av kvinner. Vi har fått eit skolesystem der gutar møter kvinnelege lærarar og barnehagelærarar gjennom tidlege år. Handyr kastrerer vi, gutar gir vi ADHD-medisin.»

Denne tidlege skolestarten er spesielt uheldig for gutar. Dei modnast seinare enn jenter i dei tidlege barneåra, og blir ofte hengande etter gjennom heile barneskolen, ofte med åtferdsproblem på kjøpet. Gutar født seint på året er spesielt utsette.

Kjønnskvotering

Noko anna som møter dagens 1. klassingar, er mangelen på mannlege rollemodellar. Då eg begynte på lærarskolen i 1972, var det for første gang kjønnskvotering til fordel for gutar ved nokre av linjene. Grunnen var at det dei siste åra før -72 hadde vore ein tendens til at mannlege lærarar ikkje gjekk inn i skolen i det heile, men brukte lærarutdanninga som eit springbrett til heilt andre yrke. Derfor skulle no regelen vere 50-50. Mange jenter var skuffa, kom ikkje inn.

Dette er no over 50 år sidan og handlar om den gang det var kamp om å bli lærar. Slik er det ikkje no, dessverre. Dei to siste åra har antall søkarar til lærarutdanningane gått ned med 30%, og berre sidan 2018 er den halvert. Kvifor er det blitt slik? Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet blei spurd om dette, og han svarte slik: 1) løn, 2) skolestreik 15 veker i fjor, 3) pandemi som gav negativ merksemd til skolen.

Kunnskapsminister Tonje Brenna kommenterer det slik: «Det er blitt mer krevende å være lærer de siste årene. Samfunnsproblemer slår inn i klasserommet. Endringer i foreldrerollen, flere diagnoser, målstyring, økte dokumentasjonskrav og stort og smått gjør at den pedagogiske friheten har minket. Det bekymrer meg. Men det er ikke uløselige problem».

Kanskje vi også kunne innføre kjønnskvotering til fordel for menn, Brenna?

Leselysta som forsvann

Leseferdigheten hos norske elevar har gått tilbake. I ei stor internasjonal leseundersøking gjort i 2021 (PIRLS) viser det seg at dagens norske 10-åringar les betydeleg dårlegare enn dei gjorde i 2016, då ei tilsvarande undersøking blei gjort. Den målte to ting; leseforståing og leseglede. På leseforståing er norske elevar på gjennomsnittet, men når det gjeld leseglede (det dei les i fritida), på absolutt jumboplass, nr 65 av dei 65 landa som er med.

Statsminister Støre brukte ei heil side i «Dagens næringsliv» til å kommentere resultata. Han var fortvila og fortalde til avisa om eit 10-års bursdagslag med 10 gjestar, der sju av desse sat klistra til telefonen. Støre lova straks 25 millionar til skolebibliotek. Det skulle skje i sommar. Forfattaren Maja Lunde seier: «Den sterkt reduserte leseevna til norske skolebarn er blitt eit samfunnsproblem. Dette gjeld ikkje nokre få, men etterkvart ein heil generasjon. Dei er slutta å leike og lese, men dei har telefon». Ein lærar sa om sin 9.klasse at «dei får mjølkesyre i hovudet etter to sider. Dei eig ikkje konsentrasjon»

Til tross for desse litt dystre refleksjonane om dagens skole, veit vi at lærarne, både kvinner og menn, kjem gjere sitt aller beste for at skoleåra som ligg framfor dagens 1.klassingar, skal bli så gode som mogelege, både i Florø og i resten av landet.

Lykke til med eit nytt skoleår!