Når treng barnet hjelp?

Masteroppgåve: Doris Christensen hos Flora PPT synes det er ekstra spennande å forske på psykisk helse hos barn i annleisfylket. – Generelt sett har vi betre helse enn landsgjennomsnittet, så eg er spent på om det også gjeld her, seier ho.foto: liv standal

Masteroppgåve: Doris Christensen hos Flora PPT synes det er ekstra spennande å forske på psykisk helse hos barn i annleisfylket. – Generelt sett har vi betre helse enn landsgjennomsnittet, så eg er spent på om det også gjeld her, seier ho.foto: liv standal

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Doris Christensen vil finne ut når barn treng hjelp til å takle engstelse.

DEL

Christensen er pedagog hos PPT i Flora, og ho og to andre studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) arbeider for tida med sitt masterstudium.

Del av normal utvikling

Angst har dei seinare åra vist seg som ei av dei psykiske helseutfordringane i befolkninga. Samstundes er det naturleg og naudsynt å kjenne på angst som ein del av den kjenslemessige utviklinga.
- I sju til ni månaders alder er helsestasjonen oppteken av om barnet viser separasjonsangst - det er det første tydelege teiknet på engstelse hos dei fleste barn. For dei fleste vil dette gå seg til, men for nokre vil dette med å forlate nære vaksne vere eit problem, forklarar Christensen.
Eit anna døme er at barna ofte blir redde for døden i førskulealder - då forstår dei kva døden inneber.
- Det er normalt. Men for nokre blir det eit problem som hindrar dei i det som skulle vere kjekt, til dømes å reise på overnattingsbesøk til vener, seier Christensen.
Det er nesten ingen barn innanfor hjelpeapparatet i dag som er der for å få hjelp med engstelse.
- Du har barn som er meir kranglete og vanskelege enn ønskjeleg, og som utfordrar omgjevnadane sine - det er desse vi ber om hjelp til, seier Christensen, og held fram:
- For vaksne er det lite fysisk utagering, men ganske mange som går på trygd og ikkje greier å leve livet som dei ønskjer på grunn av angst.
 

Kvar går grensa?

-Når vi skal vurdere alvorsgrad, spør vi mellom anna om engstelsen hindrar ein i gjere ting ein har lyst til.
No skal studentane forske på talmaterialet.
– Hovudmålet med innsamlinga er at vi skal få eit betre kunnskapsgrunnlag for barnebefolkninga, opplyser Christensen, og legg til at det fins lite slik tal per i dag. Er til dømes det slik at gutar har meir kontakt med hjelpeapparatet enn jenter? Er det dei yngste barna som har mest kontakt med helsevesenet, eller er dei eldre når dei får hjelp?
- Tanken er at vi skal få skikkelege data som vi kan bruke seinare.
Det vil komme info i posten til alle elevar i 3-7.klasse, og ho seier det er viktig å få svar også frå ein av barnet sine føresette.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken