Elkems langsiktige mål er å oppnå karbonnøytral metallproduksjon. Elkem gjer no ein studie for mogleg etablering av karbonfangst ved dei norske verka sine. Med på laget har Elkemto teknologileverandørar: Aker Carbon Capture og Saipem.
I tida framover skal Elkem, som nyleg blei rangert blant verdas leiande selskap innan klimavenleg produksjon av organisasjonen Carbon Disclosure Project (CDP), studere om det er teknisk og økonomisk mogleg å drive karbonfangst i Bremanger, Bjølvefossen, Rana, Salten og Thamshavn.
Prosjektet blir støtta økonomisk av Gassnova, det norske statlege føretaket for å utvikle ny teknologi for CO2-handtering. Den kunnskapen Elkem tileignar seg i studien, skal så vidareførast til utanlandske fabrikkar, mellom anna ferrosilisiumfabrikken deira på Island.
Teknisk er det fleire studiar som skal gjerast. Ein skal sjå på korleis eit fangstanlegg best kan lagast, korleis ein skal gjere CO2 flytande, og korleis denne best kan lastast opp i skip.
– For oss er det viktig å undersøke alle moglegheiter for å redusere utsleppa våre ytterlegare. Vi har kome langt med biokarbon-strategien vår, etter å ha klart å kutte 20 prosent av dei fossile Co2-utsleppa ved norske verk. I lag med andre miljøtiltak har vi no sjansen til å ta betydelege steg framover, seier Trond Sæterstad, som er klimadirektør i Elkem-konsernet i ei pressemelding.
Studien rundt karbonfangst skal fullførast i andre kvartal 2021. Med på laget har Elkem også SINTEF og det norske konsulentselskapet Norsk Energi.