– Barn tilbringar mykje tid på skulen, og ikkje berre bak ein pult. Vi får melding om mange uhell og ulykker som skjer i skuletida, seier rådgivande lege i Frende Forsikring, Helge Skjerven.

Han seier at friminutt, fritimar og gym er der dei fleste kan hugse å ha fått seg ein trøkk.

Her skader barna seg

  • Skulen
  • Trampoline
  • Sykkel
  • Trening
  • Sparkesykkel
  • Bil

(Kjelde: Frendeundersøkinga, utført av Norstat)

Tal frå SSB viser at 20 prosent av unge mellom 0 og 19 år var innom legevakta i løpet av 2020. Totalt var det nesten 60.000 konsultasjonar for denne gruppa, som sorterer under kategorien ulykker og skadar.

– Når barn og unge samlast på skulen forventar vi at det blir en del brot og småskadar, seier Skjerven.

Fallskadar er den hyppigaste skadeformen blant barn og unge, viser tal fra Folkehelseinstituttet (FHI). 12 prosent av befolkninga blir behandla for skadar kvart år, og blant den yngre delen av befolkninga er ulykker er den viktigaste dødsårsaka.

– Ungdommar er blant dei som skadar seg oftast, fortel legen i Frende.

Små barn fra 0-4 år er utsette for brann-, etse- og hovudskadar, medan ungdom ofte får overflate-, forstuings- og brotskadar.

Så lenge dei er på skulen, SFO eller i barnehagen er norske barn forsikra. Heime er det eigne forsikringar som gjeld.

– Ikkje alle foreldre tenkjer over dette, seier Skjerven.

I dag har halvparten av alle norske barn ei eiga barne- eller ulykkesforsikring som kjem tillegg til det det offentlege betalar av lege- og sjukehusutgifter ved barns sjukdom og skade.

Fleire barn skadar seg i Norge

Inne på topp fem-lista finn vi sykkel- og sparkesykkelulykker.

– Hugs hjelm, kvar gong, anten det er sykkel, sparkesykkel, løparhjul, skate- eller hoverboard! Talet skadar i dei yngste aldersgruppene er høgare i Norge enn i resten av Norden. Dei fleste skjer i eller rundt heimen, på fritidsaktivitetar eller i trafikken, seier legen.

Skjerven strekar under at Norge er blant verdas sikraste land å vekse opp i, med strenge byggereglar, barnesikringar heime og mjuke underlag på leikeplassar.

– Det er fleire gode tiltak ein kan gjere heime for å forhindre ulykker. Sklisikring, sikring av trapper, rekkverk og komfyr er nokre klassiske eksempel, seier legen.

På andreplass rapporterer foreldre om skadar på trampoline. Sjølv om talet skadar har gått ned etter at sikkerhetsnett ble påbode, ber Skjerven foreldre vere obs på spesielt ein type skade.

– Trampolineskadar kjem høgt på lista, og vi ser ein stor auke i desse på våren og sommaren. Knall og fall på trampolina kan fort ende med tannskadar. Barn kolliderer i leikekameratar eller vaksne som blir med på hoppinga, forklarar Skjerven:

– Hugs på det når du er på leikeplassen eller set opp trampolina i hagen igjen. Som forelder har du eit klårt og stort ansvar. Du kan risikere å bli erstatningsansvarleg om andre sine barn blir skadde.