– Dette har eg jobba med i elleve år. Eg var ein ung mann når eg begynte.

Det sa Magne Hovland til kommunedirektør Terje Heggheim fredag. Representantar for Sørstrand Folkepark, Kinn kommune og Florø bygg var samla i lokala til Kinn kommune i Øklandbygget for å signere kontrakten på bygging av servicebygg på Sørstrand. For Hovland, og Jan Henrik Nygård var dette ein stor dag.

Opp fleire divisjonar

– Magne og eg har vore med i styret i Sørstrand Folkepark sidan starten i 2009. Magne har vel vore på Sørstrand nesten kvar dag i den perioden. I 2016 kåra Firda Sørstrand til den finaste badeplassen i Sunnfjord, og no klatrar vi opp mange divisjonar. Vi har sandstrand, svaberg, skog og mark, og no kjem servicebygget som prikken over i-en, erklærte Nygård.

Bildeserie

Sjå skissene av servicebygget på Sørstrand

Ifølge Hovland har det vore snakka om bystrand i Florø sidan sekstitalet. No er den realisert, og det veit folket å setje pris på. Besøket har langt overgått forventningane. Då dei inviterte til jonsokfeiring i 2009 hadde dei venta eit frammøte på rundt 30. Det kom 300. Sidan har det berre auka på med folk som bruker det populære friområdet.

Veldig kjekt

Kommunedirektør Heggheim peika på nettopp dette i sine ord før penn møtte papir og kontrakten blei signert. Han var dessutan glad for å kunne dele ut oppdrag til lokale firma.

– Det er kjekt å gi eit slikt oppdrag til nokon som får arbeid ut av det. At det er eit lokalt firma gjer at det er enno kjekkare. I tillegg er dette eit bygg som veldig mange vil få glede av. Oftast når kommunen bygger er det snakk om nyttebygg, som skule eller barnehage, men dette er eit bygg til glede for veldig mange. Det er veldig kjekt å kunne vere med og bidra til dette, sa Heggheim.

Kommunen tek størsteparten av rekninga, men Sørstrand Folkepark har gitt eit monaleg bidrag, og spelemiddel vil også stå for store deler av finansieringa. På den måten kjem kommunen ut av det utan å måtte ty til store og dyre lån.

– Vi har ei ramme på 4,5 millionar. Det er pengar til fellesskapet, og her får vi mykje for pengane, meinte Heggheim.

God prosess

Representantane for folkeparken, Nygård og Hovland var einige i det. Dei gav ros til både kommunen og til Florø bygg for prosessen.

– Det har vore ein veldig god prosess der vi har fått vere involvert heile vegen, samtidig som vi har hatt den naudsynte avstanden. VI har vore involvert, men vi har ikkje blanda oss inn. Eg meiner vi har fått full utteljing til kva vi har spelt inn. Vi må også skryte av dei som no har fått jobben. Dei har skissert ein løysning som vi ikkje hadde tenkt på sjølv. Den er fleksibel, og gjer at det er mogleg å utvide seinare om det skulle vere behov for det, sa Jan Henrik Nygård.

Steinar Korneliussen signerte kontrakten på vegner av Florø Bygg. Dei var sjølvsagt glade for å ha fått oppdraget med å sette opp servicebygget. Om alt går etter planen vil arbeidet starte opp etter at badesesongen er over, midt i september, og dei reknar med å bruke om lag fem månader på jobben. Med mindre vinterstormane på Sørstrand blir ekstra harde i år, vil altså servicebygget stå klart i god tid til påsken 2021.