Det var jubel også sist då stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) og varaordførar Sidsel Kongsvik kom med nyhenda om gratis bilar i florøbassenget. Men dette var kanskje ei litt forhasta løysing, og noko mange meinte ville skape kaos då ein bil med førar ville reise gratis, medan ein gåande måtte løyse billett. I dag kom løysinga som verkeleg skal gjere det lettare for dei som bur i øyane.

Vi møtte ordførar i Kinn, Ola Teigen på Fugleskjærskaia. Der og då ringde han til grendelagsleiar og næringsdrivande på Svanøy, Elin Tveit Sveen. Han kunne fortelje at i staden for å bruke 1,4 millionar kroner på å kutte bilbilletten på kombibåtane, skal pengane no nyttast på å redusere passasjerbilletten.

– Utrulege nyheiter

– Dette er utrulege nyheiter for oss. Ikkje berre alle vi som bur i øyane som gjerne vil ha fleire fastbuande, men spesielt kjekt er det for oss som driv næring som har store behov for å reise til og frå kvar einaste dag. For ikkje å snakke om kva det betyr for rekruttering av arbeidskraft, jublar Tveit Sveen på telefon.

Teigen fortel at signala ifrå grendelaga i denne saka har nådd fram.

– Dette er heilt i tråd med den bodskapen vi har ytra inn mot fylket og signalet eg har fått ifrå grendelaga. No har eit samstemt samferdsleutval lytta godt til oss, vedgår Teigen.


Og her skrytte han av arbeidet som har vore lagt ned av mange. Han var rask til å peike på Florø sine eigne representantar i samferdsleutvalet, Frank Willy Djuvik (Frp) og Hanne Husebø Kristensen (H) og dei andre i det politiske miljøet som har nådd gjennom til sine representantar. Han trekte også fram det tydelege signalet som har kome ifrå grendelaga.

Sone-ordning

Måten dei no vil bruke er ei soneordning, lik den dei har på buss. Det betyr at maksprisen er 40 kroner billetten.

I praksis betyr det at maksprisen på billetten mellom Rognaldsvåg til Førde no vil vere på 40 kroner, inkklusiv båt og buss.

– Aud Norunn Vik, har vore den som har teke opp dette med sonepris med meg, så det er veldig kjekt at eg no kan levere, seier representanten Trude Brosvik (KrF) til Firdaposten.

Ordførar Ola Teigen meiner den rabatterte billetten betyr mykje for dei fastbuande.

– Dette er eit stort løft. Dei som reiser fast vil kunne kjøpe rabatterte månadskort og reduksjonen er meir enn ei halvering. 93 kroner kostar det om du skal ta båt ifrå Rognadsvåg til Florø. No kjem ein til Florø for 40 kroner, og med billetten i hand kan du reise gratis vidare innanfor same sone, som betyr at du kan ta bussen gratis vidare inn til Førde.

Djuvik kom med innspel

Teigen fortel også at Frank Willy Djuvik (Frp) samferdsleutvalet peika på at kystvegsekspressen mellom Florø og Måløy også er bilførande. Dette innspelet er med til fylkestinget neste veke.

– Når blir den nye ordninga innført?

– Om fylkestinget handsamar dette hurtig, vil det bli innført allereie frå 1. juli. Vi kjenner til at det er nokre tekniske utfordringar vi må sjå på, men ambisjonen om å få dette ut i livet innan 1. juli er på plass. Uansett er dette ein lykkeleg utgang for dei som bur i, og for oss som vil ut i, øyane, avsluttar Teigen.