Det seier dagleg leiar Inge Bent Arnestad i Nomil, som meiner det er uforsvarleg å køyre den spesialbygde bossbilen berekna for øyane på vegane til Austneset, Grepland og Erikstad på Svanøy.

– Vi har vurdert saka i lag med dei som opererer spesialbilen og har kome til at vi ikkje kan øydelegge utstyret vårt på desse vegstrekningane. Eg har informert Kinn kommune og dei abonnentane det gjeld om at vi flyttar hentepunkta for dei som bur på desse stadene. Det er veldig beklageleg, men eg føler at vi har forståing for kvifor vi må gjere dette, forklarer Arnestad.

Er klar over problemet

Han strekar under at dei ser på endringa som mellombels og håpar at Kinn kommune kan få gjort noko med vegstandarden snarast råd er.

Teknisk sjef i Kinn kommune, Frode Ellingsund, vedgår at dei aktuelle vegane er svært dårlege.

– Vegane blir ikkje betre med åra. Eg har meldt tilbake til Nomil at vi berre har ordinære driftsmidlar for å syte for eit minimalt vedlikehald på dei kommunale vegane og må prioritere knallhardt. Vi har ikkje noko budsjett per i dag for å kunne ruste opp vegane, og det einaste eg kan gjere er å spele inn behovet til politikarane, forklarer han.

Neppe pengar til asfalt med det første

Dersom vegane skal løftast opp til ein forsvarleg standard må det drenerast, og vegen må løftast og masseutskiftast. I periodar med mykje nedbør vaskar vatnet effektivt ut grusen av vegen. Vedlikehald med grusing av dei verste holene er i praksis dårleg ressursutnytting.

Entreprenør Tore Myklebust på Svanøy tek seg av det vesle vedlikehaldet han får bestilling på å gjere:

– Det blir vel nokre år til neste gong Svanøy får nokon vesentlege løyvingar til vegar. Det beste tiltaket eg kan gjere er å legge i grus når det er nokre dagar med tørrvêr, slik at grusen får sette seg.