Har du gått glipp av ei luke eller to? Fortvil ikkje, her har vi samla alle dei resterande 23 lukene.

Kvar dag frå 1. til 24. desember får du eit profesjonelt produsert lite musikkstykke, frå lokale artistar, her på Firdaposten. Her er første luke.

Kvar dag frå 1. til 24. desember får du eit profesjonelt produsert lite musikkstykke, frå lokale artistar, her på Firdaposten. Her er den tredje luka.

Kvar dag frå 1. til 24. desember får du eit profesjonelt produsert lite musikkstykke, frå lokale artistar, her på Firdaposten. Her er den fjerde luka.

Då er vi komne til luke fem andre søndag i advent og kalenderens førebels yngste artist: Alva syng "Vi tenner våre lykter".

Vi er komne til den sjette luka i Husabulas flotte musikalske julekalendar. I dag er det Ellisif Gjestland som set deg i julestemning.

Då er vi komne til luke sju i kalenderen til Husabula, og her møter vi opp til fleire menn i sin beste alder. Høyr Gammen synge «Nordnorsk julesalme".

Då er vi komne til luke åtte i kalenderen til Husabula, og i dag er det duka for Janne Linn Myren og den amerikanske juleperla «Have Yourself a Merry Little Christmas». Nyt!

Då er vi komne til luke ni i kalenderen til Husabula, høyr sjarmerande Maren synge «Tenn lys»

Tida flyr. Her er vi allereie på luke ti, og her er det Ann Kristin Takle Winterthun som set oss i julestemning med «Desemberbarn». Vi gjer merksam på at videoen er spelt inn før dei nye koronarestriksjonane blei innført. Konserten i kyrkja på lillejulafta er dessverre avlyst.

Då er vi komne til luke 11 i kalenderen til Husabula, og i dag er det Elena og ein relativt ny juleklassikar som står på menyen.

Bak luke 12 i kalenderen til Husabula finn vi det fabelaktige koret Fryd, og dei tek føre seg det som kanskje er den mest klassiske julesongen av dei alle. Kos dykk!

Vi er over halvvegs i julekalendaren, og i denne luka finn vi ein av dei finaste godbitane. Sunniva Stusdal syng Stjernestøv i luke 13. Det blir ikkje mykje betre enn dette!

Driving Home For Christmas har blitt ein av dei julesongane ein ikkje kjem utanom. Den må sjølvsagt vere med i julekalenderen til Husabula kulturscene, og det er Ian Cassels som tek seg av vokalen.

Vi er kanskje ikkje heilt objektive, men vi synest sjølvsagt dette er den beste luka hittil!

No dreg det seg til i julekalenderen til Husabula. Luke 16 er klar, og her finn vi sjølvaste Halvard Lunde. Han dreg jula ut av komfortsonen, til meir sørlege strøk i Donde Este Santaclaus. Kos dykk!

På svensk radio er O helga natt alltid den første songen dei spelar etter midnatt på julaftan. Men her er den i luke 17 i julekalenderen til Husabula. David Antonsen leverer ein gnistrande versjon.

Julenatt har blitt ein moderne juleklassikar, som mange kor har på repertoaret. Her er ein kortreist og litt meir nedstrippa versjon i luke 18 i julekalenderen til Husabula kulturscene.

Luke 19 i dag, og her får du «Himmel på jord», som Kurt Nilsen har gjord udødeleg. Visste du at Jan Vincents Johannesen skreiv teksten som ein hyllest til predikanten Aage Samuelsen? No gjer du det!

Alice Hugøy titter ut bak luke 20 i Husabula sin julekalender med "En stjerne skinner i natt"

Ny dag, nytt høgdepunkt i julekalenderen. Linnea Storesund gjer ein gnistrande god versjon av «Under månen»!

Den yngste er rundt 60 år. Den eldste er godt og vel 90. Med rundt 70 medlemmar er koret Sangglede ein viktig møteplass, og eit viktig kortilbod for Florø. Dirigent er Jorunn Bakke Nydal, og her syng dei «Deilig er jorden», kanskje den finaste julesongen av dei alle.

Cello, is it me you're looking for? Nei, det er Sanja Dukanac og Michi Bartl Fiedczak som spelar den utruleg vakre Å kom, å kom Emmanuel. Får du ikkje gåsehud av dette er det rett i karantene med deg!