Måndag føremiddag gjekk det gale for ein kranbil på fylkesveg 616 ved Svarstad i Bremanger. Det store køyretøyet kom utfor vegkanten, og det enda med bom stopp og full slagside.

Ingen kom til skade, men for tida er det ikkje passering for anna enn personbilar på staden.

Ulukka har skjedd like ved Dalheim grendehus i Bremanger.

Det er fleire vogntog på staden som no ikkje kjem seg forbi ulukkespunktet, men politiet og andre gode hjelparar skal vere på veg.

Det er svært glatt og krevjande føreforhold i området.