FIRDA: 14 bilførarar fekk forenkla førelegg for høg fart, då politiet heldt kontroll på riksveg 5 i Erdalen onsdag.

Høgste fart vart målt til 91 km/t i 70-sone, melder politiet på Twitter.

I tillegg må to personar ut med 7450 kroner til statskassa og får tre prikkar i førarkortet for bruk av handhaldt mobiltelefon.