Gå til sidens hovedinnhold

Her er tiårets Florølag

Artikkelen er over 1 år gammel

Podkast- panelet i Firdaposten har kåra tiårets florølag. Vi har også laga rom for eit "Folkelag" stemt fram av Firdaposten-lesarane. Laget deira var tett opp mot panelet sitt, men dei har splitta "Florø Twins Fantastico"

For abonnentar

Det har vore eit fantastisk tiår for Florø Fotball. Når tiåret starta var det FSK og Florø Sportsklubb det handla om. No er fotballen blitt eit eige produkt under Sportsklubben, draktene er blitt svarte og blå, skarven har blitt ny klubblogo og Florø Fotball har vore del av Norsk toppfotball.

Nostalgiske så vi er så har vi sett tilbake på tiåret til trenar Terje Rognsø, og sett opp tiårets Allstar-lag.

Vi har også laga til ei avstemming der fleire hundre entusiastar har valgt sine kandidatar. Mykje er likt, men det er nokre endringar frå det firarbanden i studio, samansett av Arne Hjorth Johansen og Dag Frøyen frå Firdaposten og fotballegendene i klubben Bengt Solheim-Olsen og Per Øyvind Helle, og dei elleve folket meiner er fasiten.

Vi starter med Podkast-panelet sitt lag i eit 4-3-3 system:

FP-laget

  • Keeper: Nicklas Frenderup
  • Høgre back: Cristopher Lindquist
  • Venstre back: Christer Husa
  • Midtstoppar: Runar Hove
  • Midtstoppar: André Frøyen Reksten
  • Sentral midtbane: Halvor Solheim-Olsen
  • Indreløpar: Peter Aase
  • Indreløpar: Erlend Hove
  • Venstre kant: Stefan Aase
  • Høgre kant: Rashad Mohammed
  • Spiss: Endre Kupen

Benken: Thomas Fricksen, Kristoffer Book, Simen Reksten Solheim, Vegar Gjermundstad og Jakob Storevik

Les også

Vi kårar tiårets Florø-lag

Folke-laget:

  • Keeper: Nicklas Frenderup
  • Høgre back: André Frøyen Reksten
  • Venstre back: Christer Husa
  • Midtstoppar: Runar Hove
  • Midtstoppar: Vegar Gjermundstad
  • Sentral midtbane: Halvor Solheim-Olsen
  • Indreløpar: Peter Aase
  • Indreløpar: Stefan Aase
  • Venstre kant: Kristoffer Ryland
  • Høgre kant: Rashad Mohammed
  • Spiss: Endre Kupen

Splittar tvillingane

Som vi ser har folkelaget stemt inn André Frøyen Reksten på høgre backen. Inn i midtforsvaret saman med Runar Hove har dei funne plass til bautaen frå Vadheim, Vegar Gjermundstad. Stefan Aase vil dei ha inn som indreløpar saman med broren Peter. For på kanten kom ikkje overraskande skadeplaga Kristoffer Ryland inn på laget, med heile 50 prosent av stemmene. Med andre ord så er Erlend Hove ofra til fordel for Kristoffer Ryland. Godset-spelaren Christopher Lindquist er ofra til fordel for André Frøyen Reksten då Gjermundstad er plassert i stopparduen med Runar Hove.

Elles har det vore relativt stor semje om kva spelarar som høyrer heime på Allstar-laget. Nokre spelarar hadde fått relativt godt med stemmer, noko som tyder på at dei har mobilisert eller gjort inntrykk. Nokre kan nemnast: Knut Marius Kvammen var runner up på keeperplassen. Husa var av dei sikraste korta på venstre back, men her har det Aksel Knapstad som var alternativet. På Venstrekanten var det Kristoffer Ryland dei fleste valde, men var Kristoffer Sigdestad ein spelar mange ville ha med. Lorent Callaku er også nemnd på venstrekanten (5 prosent), men bak Rashad Mohammed (74 prosent) hadde her suverent fleste stemmer. Halvor Solheim-Olsen er spelaren flest vil ha sentralt (52 prosent) men Luc Jeggo (16 prosent) var her den neste på lista. Når det kjem til spissplassen så har Endre Kupen den største stjerna (89 prosent av stemmene) Her hadde Kristoffer Book som var neste på lista ei umogeleg utfordring. Kupen saman med Runar Hove (84 prosent i midtforsvaret) og Christer Husa på venstre backen (78 prosent), er dei tre spelarane som flest stemte fram på laget i sitt.

Kommentarer til denne saken