Styret i Fjordenes Tidende har tilsett Håvar Fagerli (45) som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar. Fagerli kjem frå jobben som områdeleiar eigedom i Vestland fylkeskommune. Den nye redaktøren er utdanna lærar og har arbeida som avdelingsleiar ved Måløy vidaregåande skule og Eid vidaregåande skule. Fagerli har tidlegare også jobba som journalist i Fjordenes Tidende.
- Eg er takksam ovanfor styret som vil satse på meg som ansvarleg redaktør og dagleg leiar for det største mediehuset i Nordfjord. Det er ei stor ære å få denne sjansen. Fjordenes Tidende er godt framme i den digitale utviklinga, og det er spanande å få vere med å utvikle dette vidare, seier Håvar Fagerli i ei pressemelding.
Fjordenes Tidende har om lag 4.500 abonnentar og 10.000 lesarar, og er heileigd av Sunnmørsposten AS. Mediehuset satsar sterkt på god lokal journalistikk og digital utvikling i alle plattformer.
- Vi er særs nøgd med tilsettinga av Håvar Fagerli som ny eineleiar i mediehuset. Han er ein samfunnsengasjert person med solide leiareigenskapar som vil styrke det gode teamet vi har av journalistar og marknadsrådgjevarar i Fjordenes Tidende, seier styreleiar Frank Støyva Emblem.
Fagerli vil starte i stillinga 1. februar 2022.
- Eg gler meg stort til å samarbeide med dei dyktige og engasjerte medarbeidarane i Fjordenes Tidende, avsluttar Fagerli.