Gå til sidens hovedinnhold

Her er den nye plansjefen i Kinn

Artikkelen er over 1 år gammel

No er det klart at Øyvind Bang-Olsen er tilsett som ny plansjef i Kinn kommune.

Han kjem på sett og vis tilbake til den gamle jobben sin no, Øyvind Bang-Olsen. Kommunen har rett nok blitt større og heiter no Kinn, men tittelen er den same. Bang-Olsen var plansjef i Flora kommune frå 1997 og fram til han tok over som leiar for Sunnfjord 2020.

No er han altså tilsett som ny plansjef i Kinn kommune, melder Måløy24.

Bang-Olsen kjem frå stillinga som kommunalsjef for teknisk og miljø i Sunnfjord kommune; ein jobb han har hatt sidan Sunnfjord kommune blei etablert.

Før det var han rådmann i Naustdal kommune.

– Øyvind Bang-Olsen er ein utruleg fin fyr å ha med seg i kommuneleiinga, og eg beklagar at han sluttar. Vi har mykje ugjort og er så vidt starta. Eg skulle gjerne hatt han med vidare, seier Østenstad til Firda Tidend.

Kommentarer til denne saken