Her er den nye leiaren av Kystmuseet

Musea i Sogn og Fjordane har tilsett ny museumsleiar ved Kystmuseet i Florø. Valet falt på Annette Langedal Holme.

DEL

Det er i ei pressemelding frå Musea i Sogn og Fjordane nyheita kjem. Annette Langedal Holme er tilsett som leiar ved Kystmuseet i Florø.

Holme har ein mastergrad i historie og kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i Fylkesarkivet i Vestland. I rolla som museumsleiar vil ho ha det faglege leiaransvaret for utstillingar, arrangement og formidling ved Kystmuseet.

«Dette var veldig kjekt. Eg gler meg til å ta fatt på den spennande oppgåva med å leie Kystmuseet», seier Holme.

Holme er eit kjent ansikt i Musea i Sogn og Fjordane, ho har tidlegare jobba i ulike roller både ved Kystmuseet og Nordfjord Folkemuseum.

«Vi er svært nøgde med at Annette har takka ja til stillinga som museumsleiar. Med denne tilsettinga har vi fått på plass ein sentral brikke i utviklinga av Kystmuseet» seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane.

Holme tiltrer i stillinga 1. januar 2021.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken