Her er dei viktigaste punkta om gjenopning av samfunnet

KORONA: På dagens pressekonferanse klokka 18 kom ein del etterlengta svar.

DEL

- No snakkar vi om kva vi kan opne, ikkje kva vi må stenge ned. Det viser at innsatsen vår har nytta, og det vil eg seie tusen takk til alle for, innleia Erna Solberg dagens pressekonferanse med.

Ho streka under at ein føresetnad for planen dei la fram i dag, er at ein har kontroll på smittespreiinga. Ho uttrykte forståing for at folk er utolmodige og bad om forståing for at ting kan vere inkonsekvente, samstundes som ho streka under at å innvilge alle ønskje vil føre til at samfunnet blir for raskt opna. Målet er likevel at det meste som har vore stengt, skal ha opna igjen til 15. juni - men i lang tid framover vil vi måtte halde oss på ein meters avstand, vaske hender og hoste i olbogekroken.

Barn og unge skal prioriterast først, deretter arbeidsliv.

Nye råd for ferie- og fritidsreiser kjem 15. mai. Reiser utanlands veit ein enno ikkje kor tid kan bli.

Solberg åtvara også mot å tenke at vi no kan vere litt tettare på kvarandre etter kvart som ting opnar opp. Ho bad om at folk framleis har fokus på dugnaden for å halde smitten nede.

Her er dei viktigaste punkta som vart nemnde på dagens pressekonferanse:

Private samakomstar - ein går frå 5 til 20 personar i gruppe, men fortsatt med 1 meters avstand.

Ein kan samle 50 personar på offentlege arrangement i dag, 200 personar frå 15. juni. Det vil vere strengare for offentlege arrangement enn private - slike samlingar kan ein ikkje kontrollere på same måte.

Arbeidsliv - tilsette kan komme tiltake på jobb om bedrifta har lokale som sikrar god nok avstand. Dei tilsette må ikkje vere avhengige av offentleg transport for å komme seg fram og tilbake - i så fall er anbefalinga framleis heimekontor, spesielt i Oslo og andre store byar med press på kollektivtransporten.

Skule - måndag 11. mai opnar grunnskule og vidaregåande skule, det same gjeld trafikkskular. Det har komme klare anbefalingar frå helsemyndigheitene om at ungane kan komme tilbake. Det vil vere opp til kommunane og skulane å avgjere kor fort det går. Ein må byte på kven som er på skulen om det ikkje er plass til alle samstundes, men så langt som mogleg skal elevane i 1.-4. klasse ha eit fulltidstilbod.

Høgare utdanning - ein opnar for at studentar som må ha fysisk tilgang til studiestaden for ikkje å bli forseinka i si utdanning får komme tilbake. Det vil gjelde om lag 25-30 prosent av studentmassen. Grunnen til at ikkje alle studentar får komme tilbake sjølv om grunnskular og vidaregåande skular opnar, er at det er svært mange studentar på eit avgrensa geografisk område, og mange er avhengige av kollektivtransport for å komme seg dit. Men målet er at alle studiestader skal vere opne ved studiestart til hausten.

Trening - i elitefotball kan ein begynne no, med seriespel frå 16. juni. Det kan no organiserast trening for inntil 20 personar, med ein meters avstand. Måndag kjem ein rettleiar som særleg handlar om barne- og ungdomsidrett med fysisk kontakt. Idrettshallane opnar igjen, men utan garderober. Symjetrening blir mogleg frå 1. juni. Ein jobbar for å la treningssenter opne frå 15. juni. Det same gjeld badeland og symjehallar.

17. mai - korps og kor kan nyttast, med 2 meters avstand i lengderetning, og 1 meter frå skulder til skulder. Flaggheising og kransenedlegging kan gjennomførast, skular og andre fellesareal kan nyttast for inntil 50 personar. Matservering kan gå føre seg under føresetnad av at det er mogleg å vaske hender. Det vil vere viktig med god hand- og hostehygiene, og sjuke må halde seg heime.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken