Vestland fylkeskommune melder at gang- og sykkelvegen på fv. 614 mellom Breivika og Svelgen skal starte å asfalterast frå mandag 11. juli. Vegen kjem ikkje til å vere ferdig asfaltert til dette, men det blir grusa før anlegget tek ferie.
Dei to siste vekene i juli kjem det ikkje til å vere vegarbeid grunna ferieavvikling, og det er i denne perioden det vert meldt om fri ferdsel.
Fylkeskommunen melder også om at det vert kortare nedsteningar fram til modten av hausten. Delar av vegstrekket vil då vere lysregulert, i tillegg til at det blir kortare stengingar.
Gang- og sykkelvegen vil bli stengd att etter sommarferien når dei skal montere lysmaster, asfaltere og setje i stand grøfter.
– Publikum må då gå rundt Naustneset, seier byggleiar Emma-Lill Solibakke til Vestland fylkeskommune.
Det er anslått at prosjektet vil vere ferdig i slutten av oktober, og i følge prosjektleiar Jon Harald Huseklepp er dei nokolunde i rute.