FIRDA: Skal du gjennom Naustdalstunnelen på rv. 5 tysdag 28. februar eller 1. mars, vil du truleg passere det som ser ut som ei alvorleg trafikkulykke.

Desse to dagane skal nemleg brannmannskap frå Eikefjord og Naustdal ha ei storøving. Startpunktet er likt begge dagane, og øvinga vil starte klokka halv seks på ettermiddagen.

– 23 mann skal øve over to dagar. Det vert to heilt like øvingar, seier utrykkingsleiar i Naustdal, Kenneth Stubhaug.

Øvinga vil vare maksimalt tre timar, fortel utrykkingsleiaren.

Like utanfor tunnelen

Stubhaug fortel at dei deler opp øvinga sidan dei er så mange som 23. Ei oppdeling gir best mogleg læringsutbyte.

Øvinga vil finne stad på utkøyringslomma rett utanfor tunnelinngangen på Eikefjord-sida.

Øvinga vil skje like ved vegen, og vil truleg bli godt synleg for passerande bilistar. Og ettersom øvingar trass alt er meint å stå fram realistiske, så ønskjer brannvesenet å informere på førehand.

– Vi ser det når vi har skarpe situasjonar og øvingar; folk vert nysgjerrige. Vi vil gjere folk oppmerksame få øvinga, slik at trafikken flyt desse dagane. Vi varslar jo også 110, dei treng ikkje å bli nedringt, seier Stubhaug.

Det vil også bli plassert ut varseltrekantar i begge køyreretningar med informasjon om at ei øving går føre seg.

Vegen blir ikkje stengd

Stubhaug understrekar at riksveg 5 ikkje vil bli stengd medan mannskapet øver.

Dette er også noko av grunnen til at øvinga er lagt til denne utkøyringslomma. Her får mannskapet køyrt ei øving «på vegen», utan at ein treng å stenge riksvegen.

Anna enn at øvinga skal simulere ei alvorleg trafikkulykke, så er utrykkingsleiaren nokså sparsam med informasjon om kva som skal skje eksakt. Årsaka er ganske logisk:

– Vi vil ikkje at mannskapet skal bli for godt førebudde ved at dei kan lese om øvinga i media, seier han.