Henta sonen heim til storbandkafé

Anders Ingebrigtsen (til venstre) vart hanka inn av far Jack Ingebrigtsen (til høgre). Alle foto: Maiken Aa. Solbakken

Anders Ingebrigtsen (til venstre) vart hanka inn av far Jack Ingebrigtsen (til høgre). Alle foto: Maiken Aa. Solbakken

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Dei har spelt mykje på kvar sin kant. Laurdag delte dei scena for første gong.

DEL

Florø Storband inviterte laurdag føremiddag til storbandkafé på Restaurant Kysten. Kulturskulerektor Arne Sunnarvik var som vanleg kapellmeister og leia musikantane gjennom konserten. Det var ikkje ein einaste ledig stol då storbandet blåste i gang med første låt.

Storbandet som består av femten musikarar, hadde for anledninga hanka inn tre gjestesolistar, Moa Lindgren, David E. Antonsen og Anders Ingebrigtsen.

"Just a Gigolo"

Det var saksofonist Jack Ingebrigtsen som hanka inn sonen Anders som er heime på juleferie. Ingebritsen junion byrja si musikalske karriere med bandet Laban på Haffen i ungdomstida. Seinare  har han mellom anna vore medlem i det kjende mannskoret Arme Riddere ved Universitetet i Bergen, og deretter a cappella-koret Sjarmørselskapet Salongensemble. Det var tydeleg at han var vand med å synge framfor folk, då 31-åringen leika seg lett gjennom låta "Just A Gigolo" til stor applaus og latter frå publikum.

- Eg kjende låta godt frå før då vi hadde den på repertoaret i koret. Eg har alltid drevet med musikk, og følgt storbandet då far min er med. Dei fleste songane dei spelte har eg ikkje så mykje erfaring med, så eg var heldig at denne sit godt inne, seier Anders.

Autorettingsprogrammet slo inn

Dei fleste har vore ute for kva som kan skje om ein ikkje heilt følgjer med på tastaturet og det går litt fort i svingane når ein skal sende ei tekstmelding. Jack Ingebrigtsen gjekk i den fella når han skulle meddele sonen kva han skulle synge på konserten. Med automatisk retting slått på på mobilen, sendte han ei melding der han fortalte sonen at det var "Just a Google" som stod på programmet. Kanskje telefonen synte det var meir passande enn å synge om mannlege eskortetenester.

Då Anders fortalte historia frå scena var derimot faren raskt ute med å forsvare seg sjølv.

- Det var ikkje eg som skreiv feil. Det var automatisk retting på mobilen, kjem det raskt fra faren gjennmom høgtalarane.

Spelte med faren

 Sjølv om Anders har stått på scena mang ein gang, var det  første gongen han delte scene med faren.

- Vi har spelt mykje saman heime i stova, men det er første gongen vi står i lag på ei scene. Eg har gleda meg utruleg mykje til å få vere med i dag. Å stå på scena med fattern er veldig spesielt, seier han.

Avslutta med julesongar

Den yngste solisten var Moa Lindgen som sang swinglåta "Take the A Train ", Norah Jones sin "Don't Know Why" og Stevie Wonder-låta "Sir Duke". David E. Antonsen, som også er med i mannskoret Gammen, sang Michael Bublé sin versjon av låta "I've Got the World on a String", Paul Anka sin jazzversjon av Nirvana-låta "Smells Like Teen Spriit" og den klassiske blues/swing-låta "Route 66".

Sjølv om det meste på programmet var oppjazza, avslutta storbandet  konserten saman med David E. Antonsen med songane "White Christmas" og Chicago-låta "The Christmas Song".