100 år med omsorg

HEIDER: Marit Førde vart heidra for 30 år som styremedlem og nestleiar. Her får ho velfortent helsing frå sanitetslaget ved leiar Reidunn Torvanger og Sissel Klungreset. 
Foto: Annbjørg Hauge Nygård
 Foto: Alvrunn Hauge

HEIDER: Marit Førde vart heidra for 30 år som styremedlem og nestleiar. Her får ho velfortent helsing frå sanitetslaget ved leiar Reidunn Torvanger og Sissel Klungreset. Foto: Annbjørg Hauge Nygård Foto: Alvrunn Hauge

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Bremanger Sanitetsforening kan i desse dagar sjå attende på 100 år med omsorg og omtanke for andre.

DEL

Laget har i alle desse åra vore ein aktiv støttespelar i bygda, både i glede og sorg.

I helga feira den aktive jubilanten seg sjølv med festmiddag på Havly Pensjonat. Med over 60 gjester rundt bordet, song og musikk, taler og helsingar, vart det ein triveleg kveld. På menyen stod ekte bondekost, sosekjøt og sviskegraut, blautkake og kaffi.

Både ordføraren og rådmannen var blant gjestene, og i tillegg til å synge og spele, helsa dei jubilanten med 10.000 blanke kroner frå Bremanger kommune. Også fylkesleiaren i Norske Kvinners Sanitetsforening, Dagrunn Digranes, var med og sette glans over 100-års festen.

Stabil leiing

Bremanger Sanitetsforening (sanitetslag, som det heitte då) vart stifta 30. april 1915. Den første leiaren var ein mann, Mons M. Herdlevær, som var lærar i Bremanger. Seinare er det kvinnene som har rådd grunnen, og når vi blar i møtebøkene, ser vi at sanitetsforeininga har hatt stabile leiing med lang fartstid. Kjellaug Igland sat som leiar i til saman 25 år, i 1996 fekk ho tildelt NKS sitt æresmerke for arbeidet ho la ned for laget i så mange år.

Haugetun

I hennar tid vart den årelange draumen om eit eldretun realisert. Haugetun stod ferdig til bruk i mars 1993, med alt som det førte med seg av dugnadsarbeid og pengeinnsamlingar. Dette var eit stort løft for eit lite lag, som måtte svare for renter og avdrag. Det vart baka og laga mat til selskap og andre samkommer, kjellaren vart utleigd både til barnehage og møteverksemd, og den årlege basaren hjelpte godt på. Bremanger kommune stod for drifta av Haugetun frå første dag, og i 2001 overtok dei også bygget.

Helsearbeidarar

Men Haugetun er langt frå det einaste store løftet for sanitetskvinnene i Bremanger. I dei første tiåra gav dei støtte og hjelp til tuberkuloseråka frå bygda, som måtte sendast til Luster Sanatorium og Kysthospitalet Hagavik.
Dei fekk tilsett sjukesøster i bygda, og dei løna jordmor. Dei kjøpte også inn utstyr som sjukekorger, sjukeseng og alt av førstehjelpsutstyr. Laget dreiv også spedbarnskontroll, og betalte for tannlege og tannrøkt av skuleborn i mange år. I dag er arbeidsoppgåvene meir på det sosiale planet, som skulelunsj for elevar og tilsette ved Hauge skule ein gong i året, og middag for born og tilsette i Stasjonen barnehage.

Gåvmilde

Bremanger Sanitetsforening har i jubileumsåret 101 medlemer, berre siste veka har dei fått tre nye medlemer. Men dei vil gjerne ha fleire unge med seg, og håpar fleire vil melde seg inn med kvart. Dei driv framleis aktivt, og kvart år blir både unge og eldre, små og store tiltak i bygda tilgodesett med kjærkomne støttekroner.

I rekneskapsbøkene ser vi at Bremangerhallen åleine har fått over ein halv million kroner, og summerer vi små og store summar til kultur, idrett, skule, helsestasjon, sjukeheim, kyrkje og andre gode føremål, rundar vi 600.000 kroner. Inntektene i dag kjem frå basar, refusjon av medlemskontingent og momskompensasjon.

Artikkeltags