Helsestyresmaktene skal ta i bruk spytteprøver som koronatest

Av
DEL

(Firda) Helsedirektoratet skal setje i gang eit prøveprosjekt for å bruke spytteprøver for å diagnostisere personar med covid-19.

– Førebelse undersøkingar viser at spytteprøver er eit godt alternativ til den nase- og halsprøva som blir brukt i dag, seier helseminister Bent Høie (H) på ein pressekonferanse onsdag.

Helsedirektoratet skal saman med Oslo kommune setje i gang prøveprosjektet frå 15. juni på tre ulike stader i Oslo.

– Dersom prosjektet går bra vil dette breiast ut til resten av landet dei neste månadene, seier Høie.

(©NPK)

Artikkeltags