Koronahausten er på veg. Helsestyresmaktene står klar med 50 millionar sjølvtestar og system for smittesporting.

Når gradestokken kryp nedover, er det stor sjanse for at smittekurva går motsett veg. FHI har omtalt situasjonen som «uføreseieleg». Men så lenge vaksinane held fram med å fungere, trur ikkje assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad at det blir nødvendig med nye tiltak.

– Så lenge vaksinane vernar godt mot alvorleg sjukdom, vil det sannsynlegvis ikkje vere nødvendig å bruke inngripande tiltak slik vi hugsar frå det første året med pandemi, seier Nakstad til NTB.

No er lager over heile landet fylt opp med sjølvtestar.

– For å vere førebudd til framtidige smittebølgjer har vi skaffa rundt 50 millionar sjølvtestar som delvis er lagra ute i kommunane.

Viktig å skjerme risikogrupper

Styresmaktene har også testa dei kommunale systema for sjølvrapportering.

– Dersom det blir behov for omfattande testing og varsling av nærkontaktar i haust eller vinter, kan dette i stor grad gjerast av den enkelte utan at vi treng å byggje opp igjen kommunale teststasjonar og smittesporingsteam, seier han.

I haust er det viktigaste å vaksinere seg og teste seg slik at utsette grupper kan skjermast for smitte, ifølgje Nakstad.

Tidlegare i august sa helsestyresmaktene at det er tilrådd med ein ny oppfriskingsdose for dei over 65. Vaksinasjonen vil starte seinast 1. oktober, opplyste Helse- og omsorgsdepartementet.

Til no er 74,7 prosent av befolkninga fullvaksinerte.

Blir raskare sjuk

Verste fall-scenarioet i haust er at vaksinane mistar vernande effekt.

– Då vil vi vere litt tilbake til start som i mars 2020. Det mest sannsynlege er likevel at vi får nokre fleire smittebølgjer til viruset etter kvart får tydelegare sesongvariasjonar og forhåpentleg etter kvart blir eit «vintervirus» på linje med influensa.

Nakstad seier vi ikkje kan vurdere korona som eit sesongvirus enno.

– Sannsynlegvis er det eit spørsmål om tid før vi kan handtere covid-19 omtrent slik vi handterer influensa kvar seinhaust og vinter.

Til NRK seier Nakstad at nye virusvariantar har utvikla eigenskapar som gjer at folk blir raskare sjuke enn før.

– Ein skal ikkje bli overraska viss ein merkar symptom eit døgn etter at ein har vore i kontakt med ein som har koronaviruset. Det kan gjerne ta lengre tid òg, men stadig fleire rapporterer at dei merkar symptom dagen etter, seier Nakstad til kanalen.

(©NPK)