Gå til sidens hovedinnhold

Helsepersonell med pasientkontakt får tilbod om ein tredje dose

Helsepersonell med pasientkontakt skal no få tilbod om ein tredje dose med vaksine mot covid-19, opplyser helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).

– For å tryggje dei som står i førstelinja, og førebyggje smittespreiing vil helsearbeidarar med pasientkontakt få tilbod om ein tredje dose. Vi startar med dei som fekk vaksine først, sa Kjerkol på pressekonferansen om koronasituasjonen torsdag kveld.

Kommunane og Folkehelseinstituttet jobbar med å finne ut korleis dette skal rullast, ut slik at belastninga på kommunane blir minst mogleg.

Kommentarer til denne saken