Helsemyndigheitene vil koronateste barna før gjenopning av barnehagane

Helsedirektoratet legg opp til å øke kapasitetetn på korona-testing i sambans med af barnehagane opnar igjen neste veke.

Helsedirektoratet legg opp til å øke kapasitetetn på korona-testing i sambans med af barnehagane opnar igjen neste veke. Foto:

Av
DEL

Helsedirektoratet planlegg eit testsystem der alle barnehagefamiliar og tilsette med symptom blir testa før barnehagane opnar igjen om ein dryg veke.

Måndag 20. april gjenopnar landets barnehagar etter å ha vore stengt sidan midten av mars.

Det reknast med at det er liten risiko for at koronasjuke barn vil spreie smitte i barnehagar, men helsemyndigheitene ønsker likevel å gardere seg, skriv Dagbladet.

– Vi jobbar med å få på plass et testsystem med betydeleg økt kapasitet som gjer at alle barnehagefamiliar og tilsette med luftvegssymptom vil kunne testast før dei går i barnehagen, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad.

Helsedirektoratets nye smittevernråd og tiltak vil bli publisert kort tid etter påske, seier Nakstad.

(©NTB)

Artikkeltags