Ingen av helseregionane i landet når måla om responstid med ambulansen, melder Helsedirektoratet i ei pressemelding.

Målet er at ambulansen skal vere framme på 12 minutt i tettbygde strøk og innan 25 minutt i grisgrendte strok.

I Helse vest var ambulansen framme innan målet i tettbygde strok i 65,5 prosent av utrykkingane i 2020. I grisgrendte strok nådde ein målet i 78,9 prosent av utrykkingane.

Helse vest var dårlegast av alle regionane i tettbygde strok, og nest treigast i grisgrendte strok – bak Helse nord.

p(©NPK)/p